Ønskjer avklaring om kompensasjon for tillitsvalde

På det første møtet i partsamansett utval (PSU) drøfta dei 15 medlemene partsforhold og struktur for arbeidsgruppene. PSU var samla til møte på Skjenet tysdag denne veka.

Frå møtet i partssamansett utval på tysdag.

Partssamansett utval er sett saman av seks representantar frå dei tillitsvalde og ni politiske representantar. Leiar i PSU er Kari-Anne Landro.

Utvalet ønskjer ei oppstilling av korleis ein kan løysa utfordringa med kompensasjon for tillitsvalde som skal delta i arbeidsgruppene. Dette gjeld dei tillitsvalde som allereie er frikjøpt 100 prosent. Spørsmålet er om det kan verta nødvendig med anna type kompensasjon i tillegg til frikjøp.

I denne saka vart det elles vedteke at ein skal nytta hovudsamanslutningsmodellen som mal for partsforhold i arbeidet med etablera Nye Øygarden kommune. PSU slutta seg til det framlagte forslaget til struktur for arbeidsgruppene.

Dei fire pilarane i partsarbeidet i prosjektorganisasjonen for Fjell, Sund og Øygarden vert LO kommune, YS kommune, Unio og Akademikerne. Ein konsekvens av vedtaket på tysdag er at  kvar arbeidsgruppe har tre representantar frå arbeidsgjevar og tre representantar frå hovudsamanslutningane. Det vert nemnt opp arbeidsgrupper innan personalområde, fleire tenesteområde og tverrfaglege grupper som til dømes i arkiv, IKT og personal. Den første gruppa som vert etablert er gruppa som skal arbeida med omstillingsavtalen. Denne gruppa er samansett av dei tre personalsjefane, fire representantar frå hovudsamanslutningane og eitt hovudverneombod.

Frå venstre; Anita Garlid Johannessen, Børge Haugetun, Paul Manger, Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Nils Kåre Skoge (med ryggen til).

Arbeidet med omstillingsavtalen

Etter innkomne forslag til namn på medlemer på arbeidsgruppa for omstillingsavtalen, vart følgjande medlemer oppnemnde:

Arbeidsgjevar – medlemer:

  • Personalsjef Per Helge Martinsen, Øygarden kommune
  • Personalsjef Lisbeth Grosvold, Fjell kommune
  • Personalsjef Kaja C. Pedersen, Sund kommune

Hovudsamanslutningane – medlemer:

  • Hovudtillitsvald (HTV) Bodil Aleksandersen, Fagforbundet Fjell kommune
  • Hovudtillitsvald (HTV) Vibecke Hodnekvam, Utdanningsforbundet Øygarden kommune
  • Hovudtillitsvald (HTV) May Britt Hansen, Delta Sund kommune
  • Hovudtillitsvald (HTV) Lars Sverre Hausnes, Akademikarane Fjell kommune

Hovudsamanslutningane – varamedlemer:

  • 1) Tillitsvald Kristoffer Barhaug, Akademikarane Fjell kommune
  • 2) Tillitsvald Hanne Opsal, Akademikarane Fjell kommune

Hovudverneomboda – medlem:

  • Hovudverneombod (HVO) Trude Erstad Villanger, Fjell kommune

Alle namna på varamedlemene er pr. dato ikkje peika ut. Etter planen skal arbeidsgruppa koma med si tilråding i februar før vedtak i fellesnemnda.

Møteplan

Utvalet vedtok møteplan for 2018. Det vert møte i PSU 10.01., 20.02., 17.04., 12.06., 02.10. og 11.12. Alle møta vert haldne på Skjenet 2 frå klokka 09.00.

I samband med referatsakene vart det stilt spørsmål om «Milepelsplanen» som var til behandling i fellesnemnda den 20. november. Leiar i PSU, Kari-Anne Landro, opplyste på møtet at milepelsplanen for prosjektet Nye Øygarden kommune heretter vert lagt fram som referatsak til alle møta i PSU.

Tekst og foto: Vigleik Brekke