Ønskjer å sikra identitét og samspel mellom innbyggjarane

Til møtet i fellesnemnda den 20. november ligg det føre forslag om å setja ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida med identitetsbygging og samspel mellom innbyggjarne i kommunane i utviklinga av lokaldemokratiet.

Frå møtet i fellesnemnda den 30. oktober.

I saksutgreiing skriv prosjektleiaren at han ønskjer å etablera ei arbeidsgruppe som skal gå breitt ut på ulike område og sjå på tiltak som kan bidra til medverknad og identitetsbygging blant innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Arbeidsgruppa er føreslått sett saman av tre folkevalde og dei tre kulturleiarane i kommunane. Dette vert grunngjeve med at kulturområda er eitt av dei områda der samspel med innbyggjarane er viktig. Arbeidet skal vera avslutta innan november 2018.

Korleis sikra ein god samanslåingsprosess?

Til møtet presenterer prosjektleiar sine tankar om kva kriterium som skal liggja til grunn for suksess med gjennomføringa av kommunesamanslåinga. Prosjektleiaren meiner at Nye Øygarden kommune skal arbeida etter den føreslåtte modellen; effektmål, resultatmål og suksesskriterium. I saksutgreiinga er det vist til døme på dette frå Asker kommune.

Andre saker til møtet i fellesnemnda den 20. november

  • Rutinar for behandling av spørsmål til fellesnemnda
  • Møtegodtgjersle for politisk valde medlemmer i arbeidsutval
  • Arkiv og sakssystem for prosjektorganisasjonen Nye Øygarden kommune
  • Ny matrikkel i Nye Øygarden kommune – oppgåver og mandat for arbeidet
  • Milepelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune – oppdatering til møte i fellesnemnda 20. november 2017
  • Møteplan for fellesnemnda og partssamansett utval for 2018

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i Skjenet 2, Straume og tek til klokka 09.00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke