Ønskjer å medverka i bygginga av ny kommune

Både prosjektrådmann i Nye Øygarden kommune, Rune Lid, og leiar i Norsk Forbund for utviklingshemma (NFU) Sotra, Svein Arthur Pedersen, er nøgde etter møtet i går.

Rune Lid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var NFU Sotra som hadde invitert prosjektrådmannen for å få informasjon om status for arbeidet med Nye Øygarden kommune og korleis lokallaga i NFU kan verta involverte i det vidare arbeidet. NFU Sotra og NFU Øygarden vert slått saman til eitt lokallag frå januar 2019 med namnet NFU Øygarden.

– Det viktigaste for oss med møtet var å oppretta ein god dialog. Vi opplevde møtet i går som positivt. Rune Lid hadde mange gode tankar om korleis vi kan verta involverte i prosessen vidare. Vi ønskjer å vera ei referansegruppe inn i dette arbeidet, seier Svein Arthur Pedersen.

På møtet orienterte Rune Lid om arbeidet med prosjektet og at fem prosjektgrupper (Oppvekst, Helse og velferd, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering) er i full gang med arbeidet innanfor kvar sitt felt. Etter kvart skal kommunalsjefar innanfor dei same felta vera på plass.

– Eg meiner at forholda for dei psykisk utviklingshemma er svært viktig, og eg brenn for dette feltet også personleg. Vi ønskjer innspel og medverknad frå brukarane og innbyggjarane. Når vi har tilsett kommunalsjefane, vil eg gjerne møta NFU igjen saman med den kommunalsjefen som har dette som ansvarsområdet sitt, seier Rune Lid.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Svein Arthur Pedersen