Ønskjer å delta i demokratiprosjekt

Førebuande fellesnemnd (FF) ønskjer å delta i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Dette er konklusjonen etter at spørsmålet vart reist på møtet i FF i Øygarden i dag.

På møtet i den førebuande fellesnemnda i dag var det mellom anna gruppearbeid. Frå venstre; Espen Harkestad (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Trude Erstad Villanger (hovudverneombod, Fjell) og Ernst Einarsen (Fjell).

Den førebuande fellesnemnda er samansett av 17 politikarar og tre tillitsvalde frå Fjell, Sund og Øygarden.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har invitert kommunar som arbeider med samanslåing om å delta i eit nytt toårig prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet. Det var Sund-ordførar, Kari-Anne Landro, som presenterte saka på møtet i dag.

– Eg trur dette er eit bra prosjekt som vi bør delta i, sa Landro og fekk støtte frå alle som tok ordet. Departementet ønskjer at svarbrevet skal behandlast i alle kommunestyra før det vert sendt inn. Startsamlinga vert i juni 2017. Dersom Stortinget gjev sin tilslutnad, vil kvar «ny kommune» få tilskot på inntil 100 tusen kroner for å arbeida med lokaldemokratiet frå det andre prosjektåret (2018).

Hovudtema på samlingane i prosjektet vert kva lokaldemokrati kommunane ønskjer å utvikla for den nye kommunen, korleis ein skal organisera og utforma den politiske styringa og korleis ein skal sikra eit godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane. Målgruppe er politikarar og representantar. Inntil sju personar i kvar kommunekonstellasjon kan delta i prosjektet. I tillegg til politikarsamlingar, vert det lagt opp til prosjektleiarsamlingar for ansvarlege frå administrasjonen.

Kartlegg IKT i kommunane

IKT-sjef i Fjell, Kjell Fyllingen, presenterte kva IKT system som vert nytta i dei tre kommunane. «Grunnmuren» er ganske lik, og driftsmiljøa har lik teknologi. Det er likevel forskjellar mellom dei tre kommunane. Kommunane har 16 like løysingar når det gjeld programvare. Kommunane har ikkje særleg lange avtalar knytt til IKT.

– Dei fleste avtalane innan IKT går ut innan 2020, opplyste Kjell Fyllingen.

Kartlegginga er gjennomført av dei tre IKT-leiarane. Dei rår til at organiseringa av IKT og ressursar som skal arbeida med digitalisering og IKT-transformasjon kjem på plass så tidleg som mogleg for å starta med samansmelting og tilrettelegging av framtidas teknologi.

Arbeider vidare med tilsetjing av prosjektleiar

Det er plukka ut fem aktuelle tilbydarar til å delta i anbodskonkurransen for rekrutteringshjelp for tilsetjing av prosjektleiar for etablering av «Nye Øygarden» kommune. Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, opplyste at etter planen tek prosjektleiar til i stillinga i august i år. Konkurransegrunnlaget er sendt til følgjande tilbydarar; Mercuri Urval, Visindi, Ildne, Experis og Garuda.

Seminar i Trondheim

Sund-ordførar Kari-Anne Landro orienterte om seminar i Trondheim. Dette er ei seminarrekkje arrangert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS og arbeidstakarorganisasjonane.

– Det gjekk mykje tid på arbeidsrettslege spørsmål. Vi erfarte frå samlinga i Trondheim at det er viktig å få på plass prosjektleiar og budsjett for arbeidet med reforma. Vi kan lett verta overvelda over alt som må gjerast. Informasjon er viktig, og vi må kanskje arbeida meir med intern informasjon, sa Landro.

Møtet vart halde i Øygarden rådhus på Rong.

Framtidsseminar og framdriftsplan

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, som også er leiar av FF, får ansvaret med å planleggja og arrangera eit framtidsseminar. Seminaret er tidfesta til 15. mai. Informasjon om opplegget vert presentert for FF i neste møte (27. mars). På møtet i dag vart det oppmoda om at samlinga den 15. mai vert breitt samansett av politikarar, tillitsvalde og andre politiske organ som til dømes ungdommens kommunestyre/ungdomsråd og eldrerådet. Sandahl Bjorøy stadfesta at målet er å få flest mogleg til å delta på dette seminaret.

Ho presenterte også status for framdriftsplanen for fase 2. Etter at IKT-kartlegginga vart presentert i dag, vert det vidare lagt opp til at kartlegginga av selskapsstrukturen vert presentert i FF den 27. mars, kartlegging av personalreglement m.v. i FF den 24. april og kartlegging av pensjonsordningar i FF den 12. juni.

Gruppearbeid

Som avslutning på samlinga i dag vart den førebuande fellesnemnda delt inn i fire grupper for å arbeida med det som står i intensjonsavtalen om publikumsretta tenester. Det var semje om at biblioteka i kommunedelsentera skulla ha ein møteplassfunksjon for kommunale tenester. Døme på funksjonar som kan leggjast til desse sentera er byggjesakservice, NAV, Frivilligsentral og møterom. Andre tenester det er semje om skal leggjast til kommunedelsentera er helsestasjonar, legekontor og dagsenter. Miljø- og gjenbruksstasjonar bør også lokaliserast i desse områda.

Den politiske og administrative leiinga må lokaliserast på Straume, medan andre funksjonar kan samlast i kommunedelsentera. Det vart også understreka at ein må kartleggja kva areal som er til disposisjon i kommunane og nytta dei på ein god måte i den nye kommunen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

Kjell Fyllingen (IKT-sjef i Fjell) orienterte om kartlegginga av IKT i kommunane.
Tillitsvalde på tilhøyrarbenken.
Frå venstre; Svein Bergh (Fjell), Jorgeir Sognnæs (Sund) og Ørjan Telle (Sund).
Frå venstre; Egil Haaland (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden) og Ernst Einarsen (Fjell)
Frå gruppearbeidet. Frå venstre; Ingrid Toft (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Svein Bergh (Fjell), Ørjan Telle (Sund) og Vibecke Hodnekvam (Øygarden).
Gruppearbeid. frå venstre: Silvia Haugland (Øygaren), Egil Haaland (Fjell), Tom Georg Indrevik (Fjell), Jogeir Sognnæs (Sund) og Jørgen Kausland (Sund).