Omstillingsavtale nærmar seg endeleg godkjenning

Partssamansett utval (PSU) behandla på møtet i dag framlegg til omstillingsavtale for dei tre kommunane som byggjer ny kommune. Det vart ikkje gjort endeleg vedtak, men det vart vedteke å gjera fleire endringar i avtaleutkastet. Administrasjonen innarbeider endringane i avtaleutkastet før det kjem tilbake til endeleg vedtak i neste møte i PSU.

Frå møtet i dag.

Omstillingsavtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen.  Avtalen legg til grunn at kommunesamanslåinga inneber verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova der alle dei tilsette vert overførte til Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020.

Alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si. Ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og arbeidsstad. Omstillingsavtalen regulerer prinsipp for plassering av leiarar og tilsette. Ved einingar som vidareført utan vesentlege endringar inn i ny kommune, vert noverande leiar i stillinga si i den nye kommunen.

Her er endringar knytt til omstillingsavtalen som fekk fleirtal på møtet i dag:

  • I innleiinga skal ein visa til kva som står om dette temaet i intensjonsavtalen.
  • Punkt 2: Sitat frå arbeidsmiljølova går ut.
  • Punkt 6: «Allereie etablerte stillingsgrupper og omstillingsutval i kommunane held fram med arbeidet sitt» vert erstatta med «Det vert oppretta ei felles overordna stillingsgruppe som dekkjer alle tre kommunane».
  • Punkt 7: Med åtte mot sju røyster vart det vedteke at stillingsgarantien knytt til eventuelle oppseiingar som kan relaterast til innskrenkingar og effektivisering som følgje av kommunesamanslåinga gjeld fram til 31.12.2021. Mindretalet røysta for at garantien gjeld fram til 31.12.2020.
  • Punkt 7: I samband med «overtalighet» vert det lagt inn ei ekstra formulering slik: Det vert som hovudregel gjeve eitt tilbod, men med det kan opnast for inntil to tilbod».
  • Punkt 7: Avsnittet om «Nærare om rettskrav» vert redigert og korta ned.
  • Punkt 8: Avsnittet om «Kompensasjon for skifte av arbeidsstad» går ut. Dette vart vedteke med ni og mot seks røyster.
  • Punkt 9: Tillegg under om «Sluttvederlag og støtte til studium»: Dersom verkemidlane i punkt 9 skal nyttast, skal det gjerast i samråd med PSU.
  • Punkt 12: «Endringar i omstillingsavtalen» vert «strama opp».
  • Det vart også gjort nokre tekniske endringar i avtaleutkastet

To forslag frå representantar frå dei tilsette knytt til «Direkte innplassering» under hovudpunkt sju fekk ikkje fleirtal.

Det eine forslaget var å erstatta setninga «Dersom stillinga er aktuelle for fleire, vert det ei vurdering ut frå kompetanse og kven som er best skikka for jobben (Kvalifiseringsprinsippet» med «Om det er fleire kvalifiserte arbeidsstakarar som konkurrerer om same ledige stilling, vert det lagt vekt på røynsle».

Eit forslag om å ta vekk følgjande setning, fekk heller ikkje fleirtal: «Dersom ein tilsett ikkje takkar ja til tilbodet ein får, og eventuelle andre tiltak er vurdert, så vert det å betrakta som ei oppseiing frå arbeidsgjevar og arbeidstilhøvet går til i opphøyr 31.12. 2019.

Administrasjonen skal altså innarbeida desse endingane i avtaleutkastet før PSU gjer endeleg vedtak på neste møte.

Representasjon i arbeidsgrupper

PSU slutta seg til innstillinga frå prosjektleiaren om at partssamansett utval vedtek representasjon i partssamansette arbeidsgrupper fortløpande.

Med ni røyster vart det vedteke at det vert frikjøp for eín representant frå Akademikarane og eín representant frå YS (Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund) for kommunane Sund Fjell og Øygarden i 20 prosent stilling fram til utgangen av 2019. Mindretalet på seks medlemer i PSU røysta for at Delta/YS og Akademikarane får 20 prosent frikjøp kvar for kommunane Fjell, Sund og Øygarden for perioden 1. april 2018 til 31. desember 2019 til arbeid i samband med kommunesamanslåing.

Tekst og foto: Vigleik Brekke