Omstillingsavtale klar for sluttbehandling

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 17. april ta endeleg stilling til framlegget til omstillingsavtale.


Den 22. mars behandla PSU framlegget til omstillingsavtale for første gong. På møtet vart det fremja fleire endringsforslag som vart vedtekne skulle innarbeidast i avtalen før endeleg godkjenning.

No ligg den omarbeidde omstillingsavtalen klar til sluttbehandling. Det er føreslått at PSU vedtek omstillingsavtalen. Avtalen gjeld frå avtalen er underskriven og ut omstillingsperioden. Avtalen gjeld då berre saker som har vore sak i omstillingsperioden fram til utgangen av 2019. I framlegget til vedtak heiter det vidare at Når Nye Øygarden kommune er etablert som eige rettssubjekt januar 2020, trer den nye kommunen inn i denne avtalen.

Omstillingsavtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen.  Avtalen legg til grunn at kommunesamanslåinga inneber verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova der alle dei tilsette vert overførte til Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020.

Alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si. Ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og arbeidsstad. Omstillingsavtalen regulerer prinsipp for plassering av leiarar og tilsette. Ved einingar som vidareført utan vesentlege endringar inn i ny kommune, vert noverande leiar i stillinga si i den nye kommunen.

Møtet i PSU vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke