Om Nye Øygarden kommune

Det er kommunane Fjell, Sund og Øygarden som saman står bak nettsida nyeoygardenkommune.no.  Ordførarane i dei tre kommunane er redaksjonelt ansvarlege for innhaldet på sida.

Film om Nye Øygarden kommune

Kontakt oss

Paul J. Manger, Prosjektleiar, 478 81 137
Kari-Anne Landro (H), ordførar i Sund, 992 45 694
Marianne Sandahl Bjorøy (Ap), ordførar i Fjell, 414 49 370
Børge Haugetun (TVØ), ordførar i Øygarden, 950 73 753

Du kan også kontakta Vigleik Brekke, tlf. 915 81 107, vigleik.brekke@fjell.kommune.no om du har spørsmål knytt til nettsida.

Besøksadresse

Skjenet 2, 5354 Straume

Fellesnemnd

Fellesnemnda er samansett av 17 politikarar frå dei tre kommunane Sund, Fjell Øygarden. Fellesnemnda skal etter inndelingslova samordna og ta seg av førebuinga av samanslåingsprosessen.

Sund
Kari-Anne Landro (H), leiar,  992 45 694
Nils-Kåre Skoge (H),  934 38 691
May-Elin Limevåg (FrP),  924 64 789
Jogeir Sognnæs (AP),  918 16 155
Kjell Arve Vorland (SP),  952 95 873

Fjell
Marianne Sandahl Bjorøy (AP), nestleiar, 478 81 137
Egil Haaland (AP), 928 96 477
Olav Kobbeltveit (V),  908 95 185
Tom Georg Indrevik (H), 913 13 409
Ernst Einarsen (H),  959 13 088
Odd Bjarne Skogestad (KrF),  416 80 192
Svein Bergh (SL),  906 77 514
Anita Garlid Johannesen (FrP),  452 28 337

Øygarden
Børge Haugetun (TVØ), nestleiar,  950 73 753
Silvia Haugland (TVØ),  913 99 016
Espen Harkestad (AP),  981 32 590
Ingrid Marie Toft (H),  995 02 838

Fellesnemnda samla utanfor Skjenet 2. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (Fjell), Ernst Einarsen (Fjell), Jørgen Kausland (vara Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Ingrid Marie Toft (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Silvia Haugland (Øygarden), Tom Georg Indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Egil Haaland (Fjell), Nils Kåre Skoge (Sund), Odd Bjarne Skogestad (Fjell), Svein Bergh (Fjell), Johannes Kobbeltveit (Fjell) og Kjell Arve Vorland (Sund).

Partsamansett utval

Partsamansett utval er samansett av ni medlemer frå fellesnemnda. I tillegg kjem seks medlemer valde frå dei tillitsvalde.

Politisk valde medlemer (9):
Kari Anne Landro
Nils Kåre Skoge
Jogeir Sognnæs
Marianne Sandahl Bjorøy
Tom Georg Indrevik
Anita Garlid Johannessen
Børge Haugetun
Silvia Haugland
Espen Harkestad

Tillitsvalde medlemer (6):

Sund kommune
Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Cathrine Olsen
Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Hildegunn Høyland
Varamedlem: Delta ved hovudtillitsvald May Britt Hansen

Fjell kommune
Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Nina Zandstra
Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Bodil Aleksandersen
Varamedlem (ikkje avklart)

Øygarden kommune
Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Vibecke Hodnekvam
Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Solveig D. Rong
Varamedlem: Delta ved hovudtillitsvald Anne Grethe Andersen

Utval politisk styringsstruktur

Faste medlemer:
Marianne Sandahl Bjorøy, leiar (Fjell)
Ernst Einarsen (Fjell)
Kristin Brennhaug (Fjell)
Jogeir Sognnæs (Sund)
Jørgen Kausland (Sund)
Børge Haugetun (Øygarden)
Ingrid Marie Toft (Øygarden)

Varamedlemer:
Hilde Lohmann Sandal (Fjell)
Cecilie Rathem (Fjell)
Johannes Kobbeltvedt (Fjell)
Elizabeth Toft Erichsen (Sund)
Ørjan Telle (Sund)
Espen Stølsnes Harkestad (Øygarden)
Silvia Haugland (Øygarden)

Utval eigarskapsmodellar

Faste medlemer:
Atle Dåvøy, leiar (Øygarden)
Egil Haaland (Fjell)
Helena Morland Hansen (Fjell)
Daniel Victor Sandvik (Fjell)
Kari-Anne Landro (Sund)

Varamedlemer:
Silvia Haugland (Øygarden)
Atle Justad (Fjell)
Fredrik Alexander Knudtsen Indrevik (Fjell)
Hege Misje (Fjell)
Nils Kåre Skoge (Sund)


Historikk

Bakgrunn

Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform. Formålet med reforma er å byggja kommunar som skal vera i stand til å handtera velferdsoppgåvene i framtida på ein best mogleg måte. Regjeringa har varsla endring i oppgåvene for kommunane og forslag til nytt inntektssystem. På nettsida kommunereform.no finn du meir informasjon om dette.

På oppdrag av dei tre kommunane har Telemarksforsking utarbeidd ein omfattande rapport (PDF) som tek utgangspunkt i tenestene, mynde, samfunnsutvikling og demokrati. Konklusjonen i rapporten er at forholda ligg godt til rette for ei kommunesamanslåing.

Intensjonsavtale

I perioden 4. februar til 3. mars 2016 gjennomførte dei tre kommunane forhandlingar med sikte på å leggja fram eit utkast til intensjonsavtale om å byggja ein ny kommune samansett av dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden.  Dei tre kommunane valde kvar si styringsgruppe og forhandlingsutval. Saman utgjer forhandlingsutvala felles forhandlingsutval (FFU). Den 7. mars 2016 underteikna FFU intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune.

Forhandlingsutvala var samansett slik:

………………..

Informasjon

Etter at intensjonsavtalen vart underteikna den 7. mars 2016, vart det gjennomført seks folkemøte i dei tre kommunane. Det vart i april same år distribuert brosjyre til alle husstandane i dei tre kommunane. I dei to siste vekene i april vart det gjennomført innbyggjarundersøking. Resultatet av innbyggjarundersøkinga vart gjort kjent den 20. mai.

I mai og juni 2016  var det møte på ungdomsskular og Sotra videregåande skule. Det var også nettmøte i samarbeid med Vestnytt og møte med næringslivet. Innbyggjarane kan engasjera seg i ordskiftet på Nye Øygarden kommune på Facebook.

Politisk behandling

Alle kommunane i landet har gjort vedtak om kommunereforma, anten dei ønskte å halda fram som eigen kommune eller at dei ønskte å etablera ein ny kommune saman med andre. Dei tre kommunane gjorde endeleg vedtak om kommunereforma den 20. juni 2016. Den 30. september same år presenterte fylkesmann Lars Sponheim «sitt kommunekart». Han tilrår overfor dei sentrale styresmaktene at dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, vert slått saman til ein kommune frå januar 2020.

I september/oktober vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden at det skulle opprettast ei førebuande fellesnemnd (FF) som skal organisera arbeidet med kommunereforma inntil vidare.

Den 8. juni 2017 gjorde Stortinget sitt vedtak om kommunereforma. Då vart det mellom anna avgjort at dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til ein ny kommune med verknad frå 1. januar 2020.

Milepælar for kommunereforma
Milepælar for kommunereforma

 

Førebuande fellesnemnd (FF)

Førebuande fellesnemnd er ikkje lovpålagt, men kommunestyra vedtok i september/oktober 2016 å organisera arbeidet med kommunereforma på denne måten fram til Stortinget i løpet av første halvår 2017 gjorde endeleg vedtak om samanslåing.

FF hadde ikkje fullmakt til å ta avgjerd, men skulle førebu samanslåing og koordinera samarbeidet mellom kommunane fram til fellesnemnda vart formelt oppretta. Eventuelle vedtak måtte fremjast i felles sak i dei tre kommunestyra.

Førebuande fellesnemnd på det første møtet. Frå venstre; Vibecke Hodnekvam (Utdanningsforbundet, Øygarden), Hildegunn Høyland (Fagforbundet, Sund), Silvia Haugland (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Trude Villanger (HVO, Fjell), Jogeir Sognnæs (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Egil Haaland (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden), Hilde Lohmann Sandal (Fjell), Odd Bjarne Skogestad (Fjell), May Elin Limevåg (Sund), Ernst Einarsen (Fjell), Anita Garlid Johannesen (Fjell), Tom Georg Indrevik (Fjell), Kjell Arve Vorland (Sund), Svein Bergh (Fjell), Nilse Kåre Skoge (Sund) og Ingrid Toft (Øygarden). Espen Harkestad (Øygarden) var ikkje til stades då biletet vart teke.
Førebuande fellesnemnd på det første møtet. Frå venstre; Vibecke Hodnekvam (Utdanningsforbundet, Øygarden), Hildegunn Høyland (Fagforbundet, Sund), Silvia Haugland (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Trude Villanger (HVO, Fjell), Jogeir Sognnæs (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Egil Haaland (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden), Hilde Lohmann Sandal (Fjell), Odd Bjarne Skogestad (Fjell), May Elin Limevåg (Sund), Ernst Einarsen (Fjell), Anita Garlid Johannesen (Fjell), Tom Georg Indrevik (Fjell), Kjell Arve Vorland (Sund), Svein Bergh (Fjell), Nilse Kåre Skoge (Sund) og Ingrid Toft (Øygarden). Espen Harkestad (Øygarden) var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Fellesnemnd

Den 21. juni 2017 vart det gjennomført felles kommunestyremøte leia av fylkesmann Lars Sponheim. Det felles kommunestyremøtet drøfta tema som namn på den nye kommunen, storleik på kommunestyret og formannskap i den nye kommunen og samansetjing av fellesnemnda. Seinare på dagen var det separate kommunestyre for dei tre kommunane med konkrete vedtak.

Det vart gjort identiske vedtak i dei tre kommunane. Namnet på den nye kommunen vert Øygarden. Samansetjinga av den permanente fellesnemnda vert identisk med førebuande fellesnemnd, med eitt unnatak. Olav Kobbeltveit (Venstre, Fjell) erstattar Hilde Lohmann Sandal frå Ap (Fjell). Fellesnemnda vert dermed slik.

Det vart vidare avgjort at kommunestyret frå januar 2020 skal ha 45 medlemer. Formannskapet skal vera samansett av 11 medlemer.  Les meir her.

Den 21. juni var dei tre kommunestyra samla til felles kommunestyremøte og separate kommunestyremøte på Panorama Hotell & Resort i Sund.