No kan du lesa rapportane

Rapportane frå dei fem hovudprosjekta og dei om lag 35 delprosjektrapportane er no publiserte.

Den 28. januar leverte dei fem hovudprosjekta rapportane sine etter konseptfasen, mellom anna basert på rapportar frå oppretta delprosjekt.

Det er viktig å merka seg at dette er framlegg til organisering. Som det går fram av punktet nedanfor «Prosessen vidare» går ein no inn i ein fase med vurdring og drøfting av framlegget.

Samla sett har mellom 250 og 300 medarbeidarar delteke i prosjektarbeidet med etablering av den nye kommunen. Prosjektrådmann Rune Lid er godt nøgd med det arbeidet som er gjort og nyttar høvet til å takka alle deltakarane for godt arbeid

– I konseptfasen har deltakarane i delprosjekta og hovudprosjekta gjort eit godt og omfattande arbeid. Dette har vore særs krevjande for medarbeidarane som på same tid har måtta sikra driftsoppgåver i dei eksisterande kommunane. Tillitsvalde og hovudverneombod har delteke i både hovudprosjekt og delprosjekt, seier Rune Lid.

Prosessen vidare

I tråd med Hovudavtalen § 1-4-1 som gjeld omorganisering, skal arbeidsgjevar så tidleg som mogleg informera, drøfta og ta tillitsvalde med på råd når det gjeld omorganisering/omlegging av drifta.

På bakgrunn av dette skal prosjektrådmannen halda eit informasjonsmøte for dei hovudtillitsvalde etter samanslutning/hovudmodellen (LO, UNIO, akademikerne og Delta YS) den 8. februar klokka 14.00-16.00 på Skjenet, med seinare drøftingsmøte.

Prosjektrådmannen legg elles opp til slik framdrift:

  1. Vedtak struktur nivå 2 – 11.mars 2019
  2. Leiarstillingar nivå 2 – 30.april 2019
  3. Plassera inn stillingar i ny kommune innan 21. juni 2019
  4. Avgjerd om lokalisering innan 31.oktober 2019

Ved å gå inn på sida for administrativ prosjektorganisering vil du finna rapportane frå både hovudprosjekta og delprosjekta.