No kan du kjøpa mønster og garnpakke til Øygardsgenseren

I samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk er det utarbeidd mønster til Øygardsgenseren. No er tida inne for å finna fram strikketøyet.

Ein av dei første kjøparane av mønster og garnpakke er leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy. På fredag  plukka leiar i Sotra Husflidslag, Gunvor Bråthun Moe, fram alt som skulle til for å strikka Øygardsgenseren. Sandahl Bjorøy har så langt lova å strikka fire eksemplar.

– Eg er klar over lovnadene, men eg strikkar forholdsvis fort. Rett nok kan det vera ei utfordring for meg å fullføra strikkeoppdraga, men eg har tross alt lova å strikka fire eksemplar, seier ho.

Strikkekafé

Gunvor Bråthun Moe opplyser at det er mønster for både liten, medium og stor. Det er både dame- og herremodell. Mønster for barnegenser er under arbeid. I veka som kjem er det strikkekafé i biblioteka i Fjell (19. februar kl. 15.30), Sund (20. februar kl. 15.00) og Øygarden (21. februar kl. 15.00). På desse samlingane kan du kjøpa mønster og garnpakkar. Sotra Husflidslag har også med hespetre og garnvinde du kan nytta. Marianne Sandahl Bjorøy er på plass på samlingane både i Fjell og i Sund (den første timen).

– No er det tid for å strikka. Eg opplever at folk er interesserte og er klare for å ta fatt på strikkinga. Sjølv bør eg nok strikka genser til heile familien, seier Gunvor optimistisk.

I dag fekk Marianne Sandahl Bjorøy overlevert den første garnpakken.

Fjell-ordføraren, som den 1. februar tok over som leiar av fellesnemnda for Nye Øygarden kommune håpar at Øygardsgenseren slår om seg og vert allemannseige. Det er 10 og ein halv månad til den nye kommunen er eit faktum, og Sandahl Bjorøy håpar mange finn fram strikketøyet.

– Eg utfordrar heile kommunestyret til å stilla i genser ved opninga av den nye kommunen 1. januar, seier ho.

Det er mogleg å tinga mønster og garnpakkar hjå Sotra Husflidslag sotra.husflidslag@gmail.com. Det er også råd å få kjøpt dette hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk (ull.no), Hobbykjelleren på Sartor Storsenter, Norwegian Spirit Strikk og Garn og Norsk Flid Husfliden Bergen, Vågsalmenningen.

Det er Mary-Ann Foldnes Fiske som har utforma Øygardsgenseren. Genseren vert strikka i Tinde Pelsullgarn og Sol Lamullgarn.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Andreas Fiske og Vigleik  Brekke

Her er fleire bilete