Møtte leiarar i kommunale selskap

For to veker sidan møtte utval for eigarskapsmodellar for Nye Øygarden kommune representantar for kommunale selskap i dei tre kommunane i regionen.

Møtet med dei kommunale selskapa vart halde på Skjenet.

I kommunane er ein del tenester lagt til aksjeselskap, interkommunale selskap, kommunale føretak eller stifting. På møtet i fellesnemnda i januar vart det vedteke å be utvalet å gå i dialog med dagleg leiar/tilsette i selskapa i kommunane med tanke på å gje tidleg informasjon om arbeidet i utvalet.

Leiar i utvalet, Atle Dåvøy, presenterte status for arbeidet i utvalet. Utvalet skal koma med forslag og har ikkje mandat til å vedta selskapsformer for Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda har mellom anna bedt utvalet å presentera ein eigarstruktur som har færrast mogleg einingar og som gjev best mogleg demokratisk styring. Etter planen skal utvalet presentera ein rapport for behandling i fellesnemnda i april i år.

På møtet med selskapa var det fleire deltakarar som hadde synspunkt på vidare involvering og spørsmål knytt til prosessen framover. Involvering og dialog kan sikrast ved at involverte selskap og deira fagtillitsvalde får høve til å koma med innspel til utvalet.

Atle Dåvøy presiserte på møtet at i tillegg til innspel og kommentarar til arbeidet, vil utvalet sjå til andre kommunar som kan visa til gode resultat knytt til organisering av eigarskap. Det vert lagt opp til å gje meir informasjon til dei kommunale selskapa etter at saka vert lagt fram for fellesnemnda.

Tekst: Jarle Kåre Oen
Foto: Vigleik Brekke