Markerte ny kommune i perfekt nyttårsvér

Nøyaktig klokka 24 på nyttårsaftan kunne nærare tusen frammøtte ved fyrlykta i Skogsskiftet i Sund nyta eit vakkert fyrverkeri som markering av at no er Sund, Fjell og gamle Øygarden historie. No handlar det om Øygarden kommune.

Her står fire glade og stolte representantar for tre gamle og eín ny kommune i vest. Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy.

Men 12 minutt før midnatt fekk ordførar for den nye kommunen, Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, tredd på seg den nye ordførarkjeda av avtroppande ordførarar.

Imponerande mange møtte opp i Skogsskiftet. Seks plussgrader, opphaldsvér og vindstille var ei ypparleg ramme for den høgtidelege avslutninga for tre kommunar i vest og markering av starten for den nye kommunen. Her var folk frå dei tre kommunane i alle aldrar, og det var ingen tvil om at folk koste seg i det milde véret. Og ordførarane delte ut godteri sponsa av Kiwi i Skogsskiftet.

– Vi har vald denne staden når visjonen for den nye kommunen er eit fyrtårn i vest, sa Kari-Anne Landro eit kvartér før ho runda av som ordførar i Sund.

Store og små frå Skoge hadde funne vegen til Skogsskiftet på nyttårsaftan.

Marianne Sandahl Bjorøy, enn så lenge ordførar i Fjell, var imponert over at så mange hadde funne vegen til fyrlykta i Skogsskiftet like ved kommunehuset.

– Dette er det første av ei rekkje markeringar for den nye kommunen og avslutning for tre kommunar, sa Sandahl Bjorøy.

Avtroppande ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, sa at dette er noko historisk som berre dei færraste får oppleva.

– Å stå her i ærverdige Sund gjev ei heilt spesiell kjensle. Det er lagt eit solid fundament for den nye kommunen, sa Haugetun.

Klokka 23.48 kunne Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun tre den nye kjeda på ordførar Tom Georg Indrevik,

Etter at ordføraren for den nye kommunen, Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, hadde fått kjeda på seg, var det hans tur å tala til folket.

– Vi vert den nest største kommunen i Vestland fylke og ein av dei største kommunane i landet. Vi håpar å verta ein av dei beste også.  Det er med ærefrykt eg får bera denne kjeda. Tusen takk! Eg lovar  gjera mitt beste for alle innbyggjarane i kommunen, sa Indrevik.

Opningsveka for Øygarden kommune held fram med arrangment fram til sundag. På nyårsdag er det nyttårskonsert med storband og brassband Hjeltefjorden Arena på Rong.

Les heile programmet for opningsveka her og meld deg på her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa i Sund: