Marianne Sandahl Bjorøy overtek som leiar av fellesnemnda

I dag overtek Fjell-ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy, vervet som leiar av fellesnemnda. Dermed kunne ordførar i Øygarden, Børge Haugetun levera stafettpinnen til den nye leiaren. Denne gongen var det den raude nynorskstafettpinnen som vart brukt.

Børge Haugetun lever stafettpinnen til Marianne Sandahl Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy skal leia fellesnemnda fram til kommunevalet i september.

– No går vi inn den siste fasen av arbeidet med å byggja ein ny kommune. Oppgåvene er mange og krevjande, og no er det viktig at alle står saman og arbeider mot det same målet, nemleg Nye Øygarden kommune, seier Sandahl Bjorøy.

Ho rosar det arbeidet som er gjort så langt.

– Mine to forgjengarar og kollegaer har lagt ned ein stor innsats med å leia fellesnemnda dit vi er i dag,  og no er det mi oppgåve å byggja på det gode grunnlaget som er lagt, seier den nye leiaren av fellesnemnda.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro leia fellesnemnda i perioden oktober 2017 til utgangen av mai 2018. Børge Haugetun var leiar av nemnda frå første juni 2018 til utgangen av januar 2019.  Det var på fellesnemnda i oktober 2017 at det vart avgjort å dela på leiarvervet.

Tekst: Vigleik  Brekke
Foto: Kari-Anne Landro