Mange vert involverte i arbeidet med å byggja den nye kommunen

På møtet i partssamansett utval (PSU) i dag gav prosjektrådmann Rune Lid oppdatering i arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa av arbeidet med Nye Øygarden kommune.

Frå møtet i partssamansett utval i dag.

Eit viktig administrativt organ vert overordna styringsgruppe. Denne gruppa er samansett av dei tre rådmennene, fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda.

– Dette er hjernen i prosjektet. Vi har fått dyktige folk som har påteke seg dette ansvaret. Eg har stor tru på at desse medarbeidarane vil løysa oppgåvene på ein utmerka måte, sa Rune Lid då han orienterte PSU. I samråd med rådmennene i dei tre kommunane har prosjektleiinga for Nye Øygarden kommune fått på plass personane som skal utgjera overordna styringsgruppe og prosjektgrupper innanfor fem arbeidsfelt.

Overordna styringsgruppe er samansette av dei tre rådmennene, Rune Lid (prosjektrådmann og rådmann i Sund), Siri Fahlvik Pettersen (Øygarden) og Lillian Torsvik på vegner av rådmannen i Fjell. Prosjektleiarar vert Jon Erik Egeland (prosjektleiar Oppvekst), Åse Vik (prosjektleiar Helse og velferd), Lennart Fjell (prosjektleiar Kultur og samfunn), Svend-Fredrik Untiedt (prosjektleiar Økonomi) og Lillian Torsvik (Organisasjon og digitalisering). Dei tillitsvalde og hovudverneomboda er representerte ved Anne Grethe Andersen (YS), Solveig Rong (LO), Nina Zandstra (Unio), Lars Sverre Hausnes (Akademikarane) og Trude Erstad Villanger (hovudverneombod). Her er skisse over administrativ prosjektorganisering.

I morgon (3. oktober) er det kalla inn til oppstartsmøte med dei fem prosjektleiarane. Rune Lid opplyste at det vert drøftingsmøte i overordna styringsgruppe den 8. oktober før det vert gjeve informasjon i fellesnemnda den 15. oktober.

Oppgåver for overordna styringsgruppe

Rune Lid opplyste at oppgåver for den overordna styringsgruppa vert organisering, dimensjonering og lokalisering av tenester og oppgåver. Saker av politisk og prinsipiell karakter må avklarast med prosjektrådmann som vidare avklarar dette mot fellesnemnda. Andre saker/oppgåver vert tema på tvers av kommunalsjefområda,  økonomiske rammer og jamleg statusrapportering.

Det er utarbeidd eit utkast til styringsdokument som skal behandlast av den overordna styringsgruppa komande måndag. Dette dokumentet viser korleis prosjektet er organsert og dimensjonert og fungerer som ein kontrakt mellom fellesnemnda og prosjektrådmannen. Dette dokumentet vert lagt til grunn av utarbeiding av mandat for prosjektgruppene. Under dei fem prosjektgruppene vert det oppretta ei rekkje delprosjekt. Prosjektgruppene vert styringsgrupper for delprosjekta.

– Det er viktig at kvar prosjektgruppe går gjennom kva som må gjennomførast før januar 2020 og kva som kan venta, sa Rune Lid. Det er utarbeidd malar for arbeid i prosjektgruppene. I orienteringa vista prosjektrådmannen til fleire administrative prosjekt som er i arbeid.

Prosjektrådmannen sa at i dette arbeidet må ein prioritera arbeidet med å byggja den nye kommunen. Dette får konsekvensar for prioriteringa av det som vert gjort i dei eksisterande kommunane.

Hildegunn Høyland, som er hovudtillitsvald for LO i Sund, avslutta med å gje ros til prosjektrådmann, politikarar og tillitsvalde for arbeidet som er gjort så langt.

– Etter orienteringa i dag kan eg seinka skuldrane. Eg har stor tillit til styringsgruppa og kjenner meg trygg i dette arbeidet. Det er gjort ein kjempejobb så langt, sa Høyland.

Leiar av partssamansett utval, Børge Haugetun, kunne runda av enkelt og greitt ved å få PSU med seg på å ta orienteringa til orientering.

Her er presentasjonen til Rune Lid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke