– Mange oppgåver skal utførast!

Prosjektrådmann Rune Lid møtte 17 hovudtillitsvalde og hovudverneombod på Skjenet på onsdag. På informasjonsmøtet var han tydeleg på at alle involverte står framfor ein kjempejobb og at det er mange oppgåver som skal utførast.

Frå informasjonsmøtet i dag.

Prosjektleiinga har kome eit godt steg vidare i arbeidet med å organisera det administrative arbeidet med å byggja den nye kommunen. I arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa er det oppretta ei overordna styringsgruppe som Rune Lid karakteriserte som «hjernen» i prosjektarbeidet.

Det er oppretta fem prosjektgrupper fordelt på dei fem kommunalsjefområda. Under kvart prosjektområde vert det etablert ei rekkje delprosjekt. Det er utarbeidd styringsdokument for den administrative prosjektorganiseringa (godkjent av fellesnemnda på måndag denne veka) og mandat for dei fem prosjektgruppene. Kommunikasjon skal vera ein integrert del av prosjektarbeidet. Det skal utarbeidast ei sak som omhandlar frigjering av ressursar til prosjektarbeidet. Den 22. oktober vert det eit arbeidsseminar i Sund for deltakarane i overordna styringsgruppe og prosjektgruppene.

Rune Lid informerte også om status i arbeidet med å fusjonera Sund vatn og avlaup AS og FjellVAR AS og økonomisk status for prosjektorganisasjonen.

Dei endelege søkjarlistene viser at det har meldt seg 62 søkjarar til dei fire kommunalsjefstillingane; Helse og velferd (7), Oppvekst (16), Kultur og samfunn (14) og Organisasjon og digitalisering (25). Rune Lid sa at det er naturleg at den nye rådmannen er med i prosessen med å tilsetja kommunalsjefane. Det er venta at rådmannen vert tilsett i november.

Dei tillitsvalde stilte fleire spørsmål og tok opp fleire tema på møtet. Det handla mellom anna om rutinar for utsending av dokument i forkant av møte, status for val av pensjonsleverandør, kva saker som skal behandlast i partssamansett utval, korleis dei tillitsvalde kan involverast i faglege problemstillingar, frigjering av ressursar, frikjøpsordningar og oppslag i lokalmedia.

Her ka du lesa presentasjonen til Rune Lid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke