Mange oppgåver for prosjektgruppene

Arbeidet i alle dei fem prosjektgruppene er i full gang. I prosjektgruppemøta er det teke opp ein del generelle tema, men etter kvart går gruppa inn i oppgåver og tema knytt opp til det enkelte kommunalsjefområde.

Frå det første møtet i prosjektgruppe for Kultur og samfunn.

 

Prosjektleiar for Kultur og samfunn, Lennart Fjell, opplyser at på det første møtet den 26. oktober vart det peika på at det må fokuserast på kor stor moglegheit dette er for å forma den nye storkommunen.

– Prosjektgruppa hadde ein lengre prosess i møtet det alle fekk presenterta seg. Det var gjennomgang av prosjektstyringsverktøyet Projectplace og møteplan for tida framover, seier Fjell.

Prosjektgruppa for kultur og samfunn har i utgangspunktet fast møtedag kvar torsdag i tida som kjem.I neste møte vil prosjektgruppa snakka om føringar for prosjektet, prosjektleveransar, kartlegging av tenester og oppgåver innanfor kommunalsjefområdet, utfordringar og vidare innføring i Projectplace.

Helse og velferd

Prosjektgruppe for Helse og velferd hadde sitt første møte på måndag denne veka. Prosjektleiar Åse Vik seier at møtet vart opplevd som positivt.

– Vi kjenner oss privilegerte som skal få vera med å byggja den nye kommunen. Alle var innstilte på å bidra for å koma i mål i tråd med framdriftsplanen, sjølv om han vart opplevd som svært stram, seier Åse Vik.

I møtet vart det konkludert med at Projectplace skal nyttast som verktøy i prosjektarbeidet. Til neste møte skal det kartleggjast korleis alle tenestene som kjem inn under kommunalsjefområdet Helse og velferd er organiserte i kvar kommune. I møtet gjekk ein mellom anna gjennom intensjonsavtalen og mandat for prosjektgruppa.

Økonomi

Prosjektgruppa for Økonomi er også i full gang. Tema så langt har mellom anna vore val av utgreiar for val av pensjonsleverandør, tidsplan, projectplace og gjennomgang av prosjektorganisering, styringsdokument og prosjektmandat.

Leiar Svend-Fredrik Untiedt opplyser at det er oppretta tre delprosjekt; val av pensjonsleverandør, skuggebudsjett og eigedomsskatt. Skuggeprosjektet skal visa korleis budsjettet for 2019 vert om ein legg saman budsjetta for dei tre kommunane.

– Vi har fleire prosjekt rett rundt hjørnet, til dømes utarbeiding av ny felles kontostruktur, seier Untiedt.

Frå det første møtet i prosjektgruppe for Helse og velferd

 

 

Også prosjektgruppene for Oppvekst og Organisasjon og digitalisering er godt i gang med arbeidet.

Tekst: Vigleik Brekke