Må samordna adressenamn i Nye Øygarden kommune

Ved kommunesamanslåingar er det lovkrav om at adressesystema vert samordna der det er fleire adressenamn som er doble/heilt eller svært like. Prosjektleiar for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert sett i gang eit arbeid med å få avklart kva namn som må endrast.

I saksutgreiinga til møtet i fellesnemnda den 22. januar går det fram at det kan vera vanskeleg å ta stilling til kva namn som må endrast. Difor må det gjennomførast ei totalvurdering av ulike kriterium.

I framlegget til vedtak er det føreslått fleire kriterium for endringar av adressenamn. Det er føreslått å prioritera vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar, slik at færrast mogleg må endra adresse. Det er vidare føreslått å prioritera adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.

Etter ein gjennomgang basert på dei vedtekne kriteria, vil fellesnemnda få presentert ei ny sak med framlegg til namneendringar. Vidare følgjer ein relativt omfattande høyringsprosess blant innbyggjarar, verksemder og ulike offentlege og private aktørar, faginstansar m.fl. Deretter skal saka opp til endeleg avgjerd i kommunen.

Andre saker i fellesnemnda den 22. januar

  • Spørsmål frå medlemer i fellesnemnda
  • Fråsegn til kommunane sine budsjett og økonomiplanar
  • Søknad frå kyrkjeleg fellesnemnd, 2. gongs behandling
  • Statusrapport januar 2018 – utval for eigarskapsmodellar
  • Mandat for arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet
  • Nye Øygarden kommune – samordning av gardsnummersystema
  • Milepelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune – oppdatering til møte
  • fellesnemnda 22.januar 2018

Møtet vert halde i lokala til prosjektorganisasjonen for Nye Øygarden kommune i Skjenet 2. Møtet vert overført på kommune-TV og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill: Monica Hovland