Lyser ut stilling som kommunalsjef for Økonomi

Nye Øygarden kommune lyser ut stillinga som kommunalsjef for Økonomi.

Som kommunalsjef for økonomi vert du medlem av toppleiargruppa til og får det overordna ansvaret for økonomifunksjonen til kommunen. Du skal gjennomføra overordna økonomiplanprosessar som sikrar heilskapleg, langsiktig og tverrfagleg utvikling av kommunen.

Til stillinga vert det lagt til grunn at du har høgare utdanning innan økonomi og leiarerfaring frå større organisasjon med gode resultat. Erfaring frå offentleg/kommunal verksemd er ønskeleg. For å lukkast i stillinga vil gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vera avgjerande.

For nærare informasjon om stillinga sjå www.headvisor.no eller kontakt prosjektleiar/rådmann Rune Lid, tlf 918 61 527, eller vår rådgjevar Jan Tveit hjå Headvisor, tlf. 975 39 990. Kortfatta søknad må sendast snarast og seinast innan 10. januar 2019 via www.headvisor.no

Les heile stillingsannonsa her.