Løyver 780 tusen kroner til kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok i dag å løyva 780 tusen kroner til kyrkjeleg fellesnemnd. Midlane skal gå til arbeidet med å slå saman og etablera ein ny kyrkjeleg fellesorganisasjon for Nye Øygarden kommune.

Frå møtet i fellesnemnda på måndag.

Fellesnemnda slutta seg dermed til innstillinga frå prosjektleiar då nemnda var samla til møte i dag. Odd Bjarne Skogestad føreslo som eit alternativt å løyva 1,2 millionar kroner. Både innstillinga frå prosjektleiar og Skogestad sitt framlegg fekk åtte røyster, og det var dermed dobbeltrøysta til leiar av fellesnemnda, Kari-Anne Landro, som vart utslagsgjevande for løyvinga til kyrkjeleg fellesnemnd.

Midlane vert fordelte med 390 tusen kroner i 2018 og det same beløpet året etter. Kyrkjeleg fellesnemnd hadde søkt om 2,9 millionar kroner for perioden fram til utgangen av 2019. Saka var til behandling i fellesnemnda i desember. Då hadde prosjektleiar innstilt på å løyva 600 tusen kroner. Saka vart då utsett for å få saka utdjupa kva som ligg til grunn for tilrådinga frå prosjektleiar.

Ønskjer dialog med kommunaleigde selskap

På møtet i fellesnemnda orienterte leiar av utval for eigarskapsmodellar, Atle Dåvøy, om arbeidet i utvalet så langt. Utvalet arbeider med eit dokument som ikkje er ferdig, men Dåvøy orienterte om ein del førebelse konklusjonar. Sentrale tema så langt er juridiske utfordringar knytt til samanslåing av FjellVAR og Sund vatn og avlaup AS, eigedom- og bustadforvalting og i kva grad det er høve til å leggja ned stiftingar.

Moglege løysingar er å etablera Øyvar AS som eit samanslått selskap (FjellVAR AS og Sund vatn og avlaup AS), inkludera ansvar for kommunale vegutbygging i dette selskapet og etablera Øygarden eigedomsforvaltning AS som forvaltar alle eigedomane i den nye kommunen.

Etter drøfting i fellesnemnda i dag vart orienteringa teken til orientering. Fellesnemnda slutta seg til nokre merknader til saka fremja av Marianne Sandahl Bjorøy og Kari-Anne Landro. Fellesnemnda ber utvalet å sjå nærare på oppløysing av stiftingar sett i lys av kommunesamanslåinga og at utvalet må oppretta dialog med Fjell Bustadstifting med sikte på oppløysing av stiftinga. Vidare må utvalet gå i dialog med dagleg leiar/tilsette i selskapa i kommunane med tanke på tidleg informasjon om utvalet sitt arbeid.

Ønskjer «skuggebudsjett» for 2019

Fellesnemnda ber om at det vert utarbeidd eit «skuggebudsjett» for 2019. «Skuggebudsjettet» bør visa til moglegheiter for effektivisering for det første driftsåret for den nye kommunen (2020).

Det var i samband med saka om fråsegn til budsjettet og økonomiplanar for kommunane at forslaget om «skuggebudsjett» vart fremja ved Tom Georg Indrevik. Fellesnemnda slutta seg til innstillinga frå prosjektleiar om at kommunane sine vedtekne investeringar for budsjettåret 2018 og økonomiplanar for perioden fram til 2021 er forsvarlege og i samsvar med dei avtalte målsetjingane for den nye kommunen. Det vart også lagt til grunn at dei vedtekne investeringsplanane i dei tre kommunane er i samsvar med framtidige behov og at det er for tidleg å gje uttale om investeringane er på eit økonomisk forsvarleg nivå for den nye kommunen. Fellesnemnda ber kommunane å koordinera bruken av føresetnadene for budsjettarbeidet for 2019.

Fellesnemnda slutta seg også til Indrevik sitt forslag om at det vert utarbeidd ei skisse til korleis prosessen fram mot eit budsjett for 2020 bør leggjast opp. Eit tredje tilleggspunkt om at det skal leggjast fram ei orientering som viser status for balansane i til dei tre kommunane knytt til lån og garantiar fekk ikkje fleirtal.

Gav føringar til arbeidet med lokaldemokrati og identitet

Fellesnemnda slutta seg til mandat for arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet og at ein skal nytta Øygarden2020 som omdømebyggingsnamn i prosjektfasen fram til 2020. Etter drøftinga på møtet i dag, vert forslaget om interne kulturarrangement for tilsette teke ut av mandatet. Fellesnemnda ber prosjektleiar å koma tilbake med ei vurdering av korleis slike arrangementet skal løysast. Fellesnemnda vedtok at det i 2018 skal arrangerast eit framtidsseminar.

Det vart vidare vedteke at fellesnemnda skal vera ein støttespelar til gjennomføring av MOT-festival i 2018 og at utvalet for lokaldemokrati og identitet skal gå i dialog med turlaga knytt til Kystpass. Utvalet skal gå gjennom eksisterande venskapsavtalar i dei tre kommunane og koma med forslag til kva ein kan gjera på dette området i Nye Øygarden kommune.

Utvalet kjem tilbake med forslag til rammebudsjett og tiltak/arrangement til møtet i fellesnemnda i april.

I saka om tilskot til kyrkjeleg fellesnemnd føreslo Odd Bjarne Skogestad  (i midten) å løyva 1,2 millionar kroner. Forslaget fekk ikkje fleirtal.

Må samordna adressenamn i Nye Øygarden kommune

Ved kommunesamanslåingar er det lovkrav om at adressesystema vert samordna der det er fleire adressenamn som er doble/heilt eller svært like. Fellesnemnda slutta seg til at det vert sett i gang eit arbeid med å få avklart kva namn som må endrast. I saksutgreiinga går det fram at det kan vera vanskeleg å ta stilling til kva namn som må endrast. Difor må det gjennomførast ei totalvurdering av ulike kriterium.

Det vart vedteke fleire kriterium for endringar av adressenamn. Ein skal prioritera vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar, slik at færrast mogleg må endra adresse. Det same gjeld adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.

Etter ein gjennomgang basert på dei vedtekne kriteria, vil fellesnemnda få presentert ei ny sak med framlegg til namneendringar. Vidare følgjer ein relativt omfattande høyringsprosess blant innbyggjarar, verksemder og ulike offentlege og private aktørar, faginstansar m.fl. Deretter skal saka opp til endeleg avgjerd i kommunen.

Andre saker i fellesnemnda den 22. januar

  • Nye Øygarden kommune – samordning av gardsnummersystema

    Fellesnemnda godkjende at det vert etablert eit nytt gardsnummersystem i Nye Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020.

  • Milepelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune

    Planen vart teken til orientering. Det er ønske om å få ei sak om prosessen for framtidig pensjonskasseordning til fellesnemnda i februar.

Til møtet på måndag låg det føre to spørsmål frå medlemene i fellesrådet. Les meir her.

Her kan du sjå opptak (kommuneTV) frå møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke