Løyver 1,5 millionar kroner til Gründerparken Vest

Fellesnemnda vedtok i dag å løyva 1,5 millionar kroner i tilskot til Gründerparken Vest for 2020. Formelt vart det vedteke å innarbeida beløpet i budsjettet for neste år.

Frå drøfting i ein av pausane.

Det vart vidare vedteke at den føreslåtte framtidige driftsmodellen for gründerparken vert arbeidd med når det gjeld storleiken på det kommunale tilskotet og at kostnadene vert balansert i samsvar med dei forventa inntektene. Det skal leggjast fram budsjett, rekneskap og årsmelding for Nye Øygarden kommune kvart år.

Etter framlegg frå Tome Georg Indrevik vart det vedteke eit nytt punkt om at fellesnemnda vil peika på behovet for årlege bidrag frå Vestland fylke. Det vert vist til at Fjell, Sund og Øygarden vart hardt ramma av oljenedturen. Det er difor viktig å satsa på utvikling av nye bedrifter for å motverka dei negative effektane av konjunktursvingingar.  Fellesnemnda ber difor om at Vestland Fylke prioriterer å bidra til denne utviklinga gjennom faste årlege løyvingar.

Dei tre kommunestyra løyvde i 2018 kvar 500 tusen kroner til vidareføring av Gründerparken Vest for 2019 (totalt 1,5 millionar kroner).  Med vedtaket i dag vert storleiken på det kommunale tilskotet på same nivå i 2020.

Løyver 1,5 millionar kroner til opningsarrangement.

Fellesnemnda vedtok å løyva 1,5 millionar kroner til opningsarrangement for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Ein programkomité leia av leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, har planlagt fleire arrangement i opningsveka for den nye kommunen.

I saksutgreiinga går det fram at det er planar om nyttårskonsert med brassband og ev. musikkorps onsdag 1. januar, personalsamlingar 2. og 3. januar, ein stor opningsfest laurdag den 4. januar og felles gudsteneste sundag 5. januar. Det er lagt opp til å oppretta ei prosjektgruppe leia av kulturleiar for Nye Øygarden kommune, Christel Møvik-Olsen.

Økonomisk status

Økonomisk status pr. 31. juli vart teken til orientering. Resultat etter dei sju første månadene viser eit negativt driftsresultat på 26,2 millionar kroner. Det auka avviket skuldast meirutgifter knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Fjell kommune har intensivert innsparingstiltaka sine sidan mai, og effekten av desse er venta utover hausten.

Prosjektrådmann Rune Lid sa på møtet at han er glad for dei tiltaka rådmannen i Fjell og dei andre kommunane gjennomfører når det gjeld økonomien.

Før behandlinga av sakene orienterte Robin Dale Oen og gode medhjelparar om The Dale Oen Experience

Anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing

Fellesnemnda slutta seg til revidert tidsplan for anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Den 9. oktober vert det ekstramøte i fellesnemnda for å velja leverandør for forsikra pensjonsløysing. Fellesnemnda legg til grunn at avtalane i dag om leveranse av pensjonstenester som er omfatta av nytt anbod vert sagt opp innan 30. september 2019. Dette gjeld også for Øygarden brann og redning IKS. Innstillinga frå prosjektrådmannen vart vedteken med 15 mot eí røyste (Svein Bergh).

Opprettheld vedtak knytt til krav om innsyn

Rettferdig Offentleg Saksbehandling (ROS) har kravd innsyn i dokument knytt til arbeidsutvalet for ordførarane. ROS meiner at utvalet er eit offentleg folkevald organ. Kommuneadvokaten har behandla kravet og konkludert med at arbeidsutvalet ikkje er å rekna for eit offentleg folkevald organ, men at innsyn i eventuelle dokument kan gjevast innanfor ramma av offentleglova. Det ligg ikkje føre utarbeidde dokument er anna skriftleg materiale som ROS kan få innsyn i. Innsynskravet er formelt gjeve, men det er ikkje sendt ut dokument.

ROS har ikkje akseptert vedtaket frå kommuneadvokaten, og fellesnemnda tok difor stilling til innsynskravet. Fellesnemnda vedtok å oppretthalda vedtaket treft av kommuneadvokaten den 17. juli 2019.

Økonomisk status prosjektrekneskap pr. 03.09.19 og status forskotering reformstøtte

Fellesnemnda tok saka til orientering og ber prosjektrådmannen å følgja opp med ny statusrapportering om prosjektrekneskapen og eventuell forskottering av reformstøtte i seinare møte. For 2019 er det overført 21,3 millionar kroner til prosjektorganisasjonen. Pr. 3. september er det brukt om lag 17 millionar kroner. Så langt har ikkje prosjektrådmannen hatt behov for å forskottera midlar frå reformstøtta (som staten løyver i januar). I saksutgreiinga går det fram at  det likevel verta behov for ei slik forskottering i løpet av hausten.

Budsjettprosess 2020

Framdriftsplan for budsjettprosess for økonomiplan 2020-2023/budsjett 2020 vart vedteken slik han låg føre. I planen går det fram at kommunestyret for Nye Øygarden kommune vedtek budsjettet og økonomplan den 19. desember. I vedtaket er det tidfesta kva tid økonomireglement, finansreglement og harmonisering av tenestene skal leggjast fram. Avdrag skal budsjetterast etter minimumskravet i kommunelova 2020.

Val av tilbydar for sekretariatstenester til kontrollutvalet

Fellesnemnda vedtok å tildela oppdraget med sekretariatstenester for kontrollutvalet til kontrollutvalssekretariatet til Hordaland fylkeskommune (14 røyster). Svein Bergh og Anita Garlid Johannessen røysta for å gje oppdraget til Nordhordland utviklingsselskap IKS.

Det vart vedteke eit ekstrapunkt om at fellesnemnda ber om at det vert utarbeidd eiga sak om framtidig løysing for sekretariat for kontrollutvalet, som seinast vert lagt fram hausten 2020

Før behandlinga av sakene, var det informasjon om Gründerparken Vest, The Dale Oen Experience, organisering av oppvekst og statusmelding frå prosjektrådmann Rune Lid.

Her er fleirte bilete frå møte ti fellesnemnda:

Kommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane orienterte om status for Oppvekst.
Kjetil Nordås, The Dale Oen Experience
Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang orienterte om Gründerparken Vest