Lokalisering: Kva skjer fram mot 31. oktober?

Saka om lokalisering av administrasjon og tenester er no behandla i partssamansett utval og fellesnemnda. På grunnlag av dette og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 31. oktober ta endeleg stilling til lokalisering.

Den 9. oktober slutta fellesnemnda seg til prinsippa føreslått av prosjektrådmannen.

  • Det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. Innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.
  • Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.
  • Funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.
  • Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Straume vert eigen sone.

I eit tilleggspunkt, som fekk samrøystes tilslutnad i fellesnemnda, heiter det mellom anna at Rong og Skogsskiftet skal som delsenter har definert tenestefunksjonar. Nærtenesteprinsippet er eit viktig prinsipp og skal følgjast. Det heiter i tilleggspunktet at soneinndelingar bør leggjast til kommunesenter og dei definerte delsentera slik det går fram av intensjonsavtalen.

Dette skjer fram mot 31. oktober

  • 14. -18. oktober: Etter drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa (utvida med 12 hovudtillitsvalde) arbeider leiargruppa med forslaget frå prosjektrådmannen.
  • 16. oktober: Arbeidsseminar lokalisering for leiarteamet Nye Øygarden kommune med prosessleiar frå KS (fellesorganisasjon for kommunane).
  • 17. – 21. oktober vert forslag ferdigstilt til overordna styringsgruppe.
  • 23. oktober: Drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa utvida med 12 hovudtillitsvalte.
  • 24. – 29. oktober går forslaget til høyring hjå arbeidstakarorganisasjonane. Etter høyring vert det innarbeidd eventuelle endringar.
  • 31. oktober: Prosjektrådmannen legg fram sitt vedtak om lokalisering av administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune. Informasjon vert sendt til leiarar som informerer sine tilsette. Avgjerda om lokalisering vert også lagt ut på heimesidene og andre aktuelle kanalar.

Leiarar vert oppmoda om å kontakta sine respektive kommunalsjefar om leiarstøtte.

NB!  I tidlegare informasjon har vi brukt 30. oktober som dato for endeleg konklusjon om lokalisering.  Det er ikkje korrekt. Det er den siste dagen i oktober at konklusjonen vert teken, altså 31. oktober. 

Her kan du lesa om intensjonsavtalen, omstillingsavtalen og ROS-analyse som er eit viktig grunnlag for arbeidet med lokalisering.