Leverte stafettpinnen til Børge Haugetun

I dag (1. juni) overlét Sund-ordførar Kari-Anne Landro leiarvervet i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune til ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Kari-Anne Landro overlét leiarvervet av fellesnemnda til Børge Haugetun.

Ikkje heilt tilfeldig hadde Landro funne fram ein nynorskstafettpinne som ho kunne levera til Haugetun på fredag.

– Børge Haugetun skal få god støtte frå oss to andre ordførarar når han no tek over leiarvervet. Eg er trygg på at han vil vidareføra den gode modellen med leiargruppa samansett av dei tre ordførarane, seier Kari-Anne Landro som har leia fellesnemnda sidan oktober 2017.

Leiarvervet skal gå på omgang. Haugetun skal leia fellesnemnda ut dette året. Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy leiar fellesnemnda i perioden januar – september 2019.

– Det har vore fleire krevjande prosessar i den første perioden for fellesnemnda, men Kari-Anne Landro har utført vervet på ein svært god måte.  Det er mykje å ta fatt i. Mellom anna skal vi om kort tid vedta den overordna administrative organiseringa av den nye kommunen, seier Børge Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke