Leiarvervet i fellesnemnda går på omgang

Med 16 mot eí røyst vedtok fellesnemnda i dag at leiarvervet i fellesnemnda skal gå på omgang mellom dei tre ordførarane i regionen.

Frå møtet i fellesnemnda dag. Frå venstre; prosjektleiar Paul Manger, leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell)

Dette innebér at Kari-Anne Landro vert leiar i perioden oktober 2017 – mai 2018, ordførar Børge Haugetun perioden juni 2018 – januar 2019, medan Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy leiar fellesnemnda i perioden januar 2019 til september 2019.

På møtet i fellesnemnda den 2. oktober vart Sund-ordførar Kari-Anne Landro vald som leiar. På møtet i dag innleia Landro ved å visa til at det var mangelfull og ingen god debatt i fellesnemnda den 2. oktober, og det låg noko usagt og uforløyst i saka. Ho stilte også spørsmål om ikkje spørsmålet om leiarskap for fellesnemnda burde vore avklart i samband med arbeidet med intensjonsavtalen. Landro tok initiativ til eit møte med dei to andre ordførarane i midten av oktober, og dei konkluderte med at det skulle fremjast eit forslag om leiarverv på omgang fram til kommunevalet om to år (september 2019).

– Vi må sjå framover, og det er mi plikt å sjå korleis vi kjem oss framover på best måte. Eg vel å sjå på det positive med ei slik løysing. Denne løysinga tek i vare at vi er likeverdige partar, og vi får tett kommunikasjon mellom ordførarane. Vi kan ta fokus vekk frå leiarvervet og over på arbeidet i fellesnemnda, sa Kari-Anne Landro.

Svein Bergh (Fjell) røysta imot å dela leiarvervet.

I debatten var det fleire som uttrykte glede over forslaget om delt leiarverv. Nokre meinte likevel at det ville vera best med eín leiar i heile perioden fram til hausten 2019. Ved avrøystinga støtta altså 16 av dei 17 medlemene i fellesnemnda løysinga med å la leiarvervet gå på omgang. Svein Bergh (Fjell) røysta imot.

 

 

Deltek i digitaliseringsprosjekt

Fellesnemnda vedtok å løyva inntil 750 tusen kroner til finansieringsordning for eit digitaliseringsprosjekt i regi av KS. Formålet med prosjektet er å utvikla felles digitale løysingar for den kommunale sektoren. Bergen kommune har teke på seg eit regionalt digitalt koordineringsansvar som kommunane Askøy, Fjell og Lindås har knytt seg til. Kommunane seier enkeltvis ja til å vera med på finansieringsmodellen der kvar kommune går inn med 20 kroner pr. innbyggjar. For dei tre kommunane i regionen vår, må det dermed løyvast 750 tusen kroner for å delta i prosjektet.

Godkjende kommunikasjonsplan for fellesnemnda

Til møtet i dag låg det føre kommunikasjonsplan for fellesnemnda, fase 3 (oktober 2017-desember 2019).  Planen vart godkjent slik han låg føre. Tiltaksdelen i planen skal vera eit levande dokument som vert oppdatert etter behov.

I planen vert det vist til fleire aktuelle verkemiddel som til dømes vidareutvikling av nettstad, bruka av sosiale medium, overføring av fellesnemnda og evt. andre møte på nett-TV, trykt materiell, pressemeldingar, folkemøte, framtidsseminar og bruk av promoteringsfilm. På møtet i dag var det også presentasjon av grafisk utforming, fornya nettside for Nye Øygarden kommune og redigert promoteringsfilm.

Oppretting og val av medlemer til ei valnemnd for fellesnemnda

Det vart vedteke å oppretta ei valnemnd og at nemnda skal vera samansett av leiargruppa (dei tre ordførarane).

Val av varamedlemer og nyval til arbeidsutval

På sist møte var det val av medlemer til arbeidsutval for politisk styringsstruktur og eigarskapsmodellar. Det vart då ikkje vald varamedlemer frå Fjell til utvala. I tillegg tilfredsstilte ikkje valet av utval for eigarskapsmodellar kravet til kjønnsbalanse.

Hilde Elisabeth Lohmann Sandahl, Cecilie Rathem og Johannes Kobbeltveit vart valde som varamedlemer for politisk styringsstruktur frå Fjell. Varamedlemer frå Fjell for eigarskapsmodellar vert Atle Justad, Fredrik Alexander Knudtsen Indrevik og Hege Misje.
I utval for eigarskapsmodellar vert Per Eikeseth (Sund) erstatta med Kari-Anne Landro (Sund).

Godkjende mandat for utval

Fellesnemnda godkjende mandata for utval for eigarskap og politisk styringsstruktur. Når det gjeld mandatet for politisk utval for eigarskap vart innstillinga når det gjeld frist for sluttrapport endra til at utvalet kjem tilbake med plan for arbeidet som legg opp til vedtak i løpet av første halvår 2018.

Fellesnemnda samla utanfor Skjenet 2. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (Fjell), Ernst Einarsen (Fjell), Jørgen Kausland (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Ingrid Marie Toft (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Silvia Haugland (Øygarden), Tom Georg Indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Egil Haaland (Fjell), Nils Kåre Skoge (Sund), Odd Bjarne Skogestad (Fjell), Svein Bergh (Fjell), Johannes Kobbeltveit (Fjell) og Kjell Arve Vorland (Sund).

Andre saker i fellesnemnda den 30. oktober

  • Milpelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune
    Planen pr. medio oktober 2017 vart teken til orientering.
  • Eigedomsskatt i samband med kommunesamanslåing – Søknad om utsett frist
    KS sitt eigedomsskatteforum tilrår overfor kommune i samanslåingsprosess å be om utsett frist til å gjennomføra taksering og utskriving av samordna eigedomsskatt. På bakgrunn av dette søkjer fellesnemna på vegner av kommunane Fjell, Sund og Øygarden om unntak for taksering og utskriving av samordna eigedomsskatt fram til 2022. (KS: Interesseorganisasjonen for kommunane).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke