Leiarar på kafé i Sund

På måndag var 55 leiarar og tillitsvalde i Sund, Fjell og Øygarden kommunar på kafé. Som ein del av arbeidet med administrativ organisering var dei på vandring i storsalen frå bord til bord på Panorama Hotell & Resort for å drøfta fem hovudtema.

Praten gjekk livleg rundt kaféborda.

I «kafédiskusjonen» drøfta deltakarane alternative organisasjonsmodellar, samhandling, beste praksis, satsingsområde og suksessfaktorar.

Ein av dei som var med på samlinga i Sund var Nils-Arthur Amundsen. Han reknar seg som ganske ny i denne samanhengen. Om to veker forlét han lærarposten på Blomvåg i Øygarden og tek over som hovudverneombod i kommunen.

– Eg opplevde dette som ei god samling der eg fekk høve til å verta kjent med medarbeidarar både i min eigen kommune og nabokommunane. Med denne metoden opplevde eg å verta involvert i diskusjonen, seier Amundsen på tampen av dagen.

Nils-Arthur Amundsen

Ein del var nok litt spente på kva som vart konklusjonen på temaet om alternative organisasjonsmodellar. Kaja Pedersen var ein av dei fem kafévertane summerte opp dette temaet ved å visa til kva som trengst for å få ein god organisasjonsmodell.

– Det handlar om å ha ei overordna strategisk leiing der det vert vist stor innovasjonskraft og evne til å tenkja nytt. Også når vi skal velja organisasjonsmodell må vi spørja kva innbyggjarane har bruk for, sa Pedersen og nemnde kjerneord som sterkt fagmiljø, tid til leiing, myndiggjorte leiarar, utviklingsfokus, omstillingsevne og korte avgjerdsprosessar.

Jørgen Kausland presenterte ein mogleg modell der rådmannen har fire kommunalesjefar i leiarteamet og ei rekkje stab/støttefunksjonar som personal, økonomi, IKT osb. Ingen konklusjonar vart trekte denne dagen, men det var ingen i salen som kom med dei store protestane til modellen Kausland presenterte.

Godt nøgd prosjektleiar

Prosjektleiar Paul J. Manger hadde alliert seg med prosessleiar Trond Wincentsen på fellessamlinga i Sund på måndag. Manger seier at målet var å skapa ein god arena for å møta kvarandre og diskutera og gje innspel til overordna prinsipp og føringar for administrativ organisering.

– Eg registrerte at mange helsa på medarbeidarar dei ikkje har møtt før. Det var stor entusiasme, engasjement og idémuldring rundt kaféborda. På notisboka mi noterte eg mange viktige stikkord som samhandling, utvikling, innovasjon, nærleik, effektive og gode fagmiljø og evne til å våga å gjera noko annleis. I dag har eg fått mange gode idear, sa Manger som la til at han ikkje rekna modellen Kausland presenterte som nokon brannfakkel. Han meite at det viktigaste er korleis organisasjonsmodellen vert operasjonalisert.

Felles kultur

I tillegg til å vurdera organisasjonsmodellar var formålet med dagen å identifisera suksess- og risikofaktorar for prosessen, bidra til engasjement og motivasjon, skapa eigarskap til prosessen og byggja felles kultur.

Lisbeth Gosvold var kafévert for gruppa som drøfta samhandling.

– Ei viktig oppgåve er å byggja ein samlande kultur i den nye kommunen, sa Grosvold og nemnde stikkord som leiarutvikling, digitalisering,  myndiggjorte leiarar/medarbeidarar, og at dette var godt forankra og nedfelt i styringsdokument.

Jørgen Kausland våga seg frampå med ein mogleg organisasjonsmodell.

 

Forsking og utvikling

Det tredje kafébordet hadde beste praksis eller «positivt sladder» som tema. Line Barmen leia denne gruppa.

– Vi ser kommunen som eit reiarlag. Den nye kommunen må vera utviklings- og forskingsbasert. Det er ønske om at den nye kommunen får ei eiga FOU-avdeling (FOU: forsking- og utviklingsarbeid), sa Barmen og nemnde konkret at psykisk helse og rus bør liggja under same leiing. Ho ønskte også eiga informasjonsavdeling. Anne Grete Hareide viste til leiingsplattforma i Sund kommune som mellom anna handlar om verdiar, delegering, kvalitetsutvikling og prosjektstyringsmetodikk.

Også kafévert Per Helge Martinsen, som leia gruppa som drøfta satsingsområde, nemnde forsking og utvikling som ei viktig satsing for den nye kommunen. Når det gjeld tenestene må det leggjast til rette for eit saumlaust grensesnitt mellom sentralt og lokalt nivå. Prioriterte prosessar eller tenester som særskilt må styrkast i den nye organisasjonen er beredskap, HMT, næring, digitalisering, juss, IKT og informasjon.

Frå venstre; Geir Barsnes, Christel Møvik-Olsen, Laila Klemetsaune og Lennart Fjell.

Suksessfaktorar og fallgruver

Rune Landro leia gruppa som drøfta dei viktigaste suksessfaktorane og ei vellukka innføring av ny organisasjonsmodell og kva type fallgruver ein bør styra unna.

– Vi treng plan for implementering av ein ny organisasjonsmodell. Rett informasjon til rett tid i rett kanal, er viktig, sa Landro. Han la også vekt på at det skal vera opne prosessar og at ein byggjer på felles verdiar. Han nemnde også at ein må visa lojalitet og styra unna omkampar. Moglege fallgruver er forholdet mellom «storebror og veslebror», romantisering av eigen kommune, manglande overordna styring, framandgjering og redsle for det som ligg framfor.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå fellessamlinga i dag: