Lanserte felles kystpass

Rundt 60 personar hadde funne vegen til Stranda skule og Gitaren i dag. Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro kunne erklæra lanseringa av felles kystpass. Dette er første gongen at dei tre kommunane står saman om felles kystpass og totalt 30 turmål.

Etter lanseringa av kystpasset, vart det tur til Veten for mange av dei som var til stades på lanseringa. Lengst framme er Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, kulturleiar i Sund Laila Klemetsaune og Sund-ordførar Kari-Anne Landro. Litt lengre bak måtte ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, ta seg tid til å verta fotografert.

Ordføraren viste til at dette tiltaket har sitt utspring i arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i regi av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda har løyvd pengar til felles kystpass.

– Dette er eit viktig tiltak med tanke på fysisk aktivitet. Det er også godt for den fysiske helsa. Eit tiltak som dette er også eit bidrag for å unngå utanforskap. Det kostar ingenting å gå på tur, sa Landro som også understreka at ein er avhengig av frivillige for å få dette til. Kommunen har ikkje pengar til å gjera den jobben sjølv.

Utdeling av kystpass er ein viktig del av lanseringa.

Dei tre turlaga, Sund Turlag, Sotra og Øygarden Turlag og Øygarden Turlag orienterte om arbeidet sitt. Det handlar om seniorgrupper, turlag for barna, kajakkurs og sundagsturar.  Dei tre turlaga samarbeidet om felles kystpass. Det vart også vist filmklipp frå nokre av dei 30 turane som er ein del av felles kystpass.

På gitaren vart det delt ut Kvikklunsj og appelsinar før mange av dei frammøtte tok turen til Veten for ta det første klippet i kystpasset.

Les meir om kystpasset og turane her

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå lanseringa: