Lanserer felles kystpass 11. april

Frå nyttår av er Nye Øygarden eit faktum. Friluftsfolket tek dette på alvor og inviterer til felles kystpass for dei tre kommunane allereie denne sesongen. Dette er eit samarbeid mellom turlaga i Sund, Fjell og Øygarden.

Det heile brakar laust torsdag 11. april klokk 17.00. Då vert felles kystpass lansert på Gitaren ved Stranda skule i Sund. Dei som likar å ferdast i naturen, kan denne dagen få utlevert kystpasset som viser 30 flotte turmål, 10 i kvar kommune.

Ordførarane vert med på den første turen

Dersom du har høve til det, kan du etter lanseringa ta turen til Veten som er eitt av 10 turmål i Sund. Det tek to-tre kvarter å gå frå Stranda skule til Veten. Då kan du ta det første klippet! Dei tre ordførarane vert med og tek sitt første klipp dei også.

– Dette må du vera med på. Det gjer noko med oss når vi går på tur saman. Vi får oppleva godt fellesskap og venskap vert skapt. Med felles kystpass får vi kjennskap til spennande turmål i alle dei tre kommunane. Dette er god folkehelse, seier ein ivrig leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy.

På samlinga på i amfiet ved Gitaren frå klokka 17.00 vert det presentasjon av turlaga i dei tre kommunane og arbeidet med felles kystpass. Klokka 18 vert det oppmøte på Gitaren med litt program.

– For dei som ikkje tek turen til Veten, er det eit alternativ gå ein del av løypa og delta på rebusløypa til folkebiblioteket, seier kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune.

Her kan du sjå annonsa for arrangementet.