Kystpass 2019

Ramsalte turar i Fjell, Sund og Øygarden

Kystpasset er eit turhefte med til saman 30 turar frå nord til sør i kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og nye løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Ein fantastisk moglegheit til å verta kjent med nye område i dei tre kommunane. Ta med deg klippekortet du finn i heftet, og klipp deg inn framme på turdestinasjonane. Då vert du med i trekninga av fine premiar.

Kystpasset er gratis, og kan hentast på biblioteka og rådhusa i Sund, Fjell og Øygarden.

Her er Kystpasset

God tur!

Biledkollage med turar frå Sund, Fjell og Øygarden


Turar i Sund

Veten

Startpunkt | Mange startpunkt – dei mest brukte er Stranda skule og Førde.

Parkering | Førde/Stranda skule

Normal gangtid | 2 - 3 timar t/r avhengig av startpunkt.

Høgaste punkt i kommunen. Turen går på fin sti, men med til dels våte parti. På Veten er det ein kikkert og ei sikteskive retta mot fjelltoppar i nabokommunane.

Veten, Sund kommune

 

Kleppaksla

Startpunkt | Kleppe

Parkering | Like ved fylkesvegen, nær grendahuset.

Normal gangtid | 1 time t/r

Lett kupert terreng. God sti. Spor frå 2. verdskrig. Flott utsikt over Krossfjorden.

Kleppaksla, Sund kommune

Lutatangen

Startpunkt | Ved nedre Golta.

Parkering | På nedre Golta.

Normal gangtid | 2 timar.

Lett kupert kystlandskap i utmarksbeite. Kan vera litt blautt i små parti. Hugs bandtvang, og ha respekt for gjerde/steingardar.

Lutatangen, Sund kommune

Indrafjellet/Haganesfjellet

Startpunkt | Haganes

Parkering | Eigen parkeringsplass ved starten på stien, Haganes.

Normal gangtid | 3 timar t/r.

Del av Nordsjøløypa mot Liatårnet og Fjell festning. Turen startar i Fjell kommune. Stort sett lett terreng. To parti med bratt stigning.

Indrafjellet, Sund kommune

Brotavarden

Startpunkt | Telavåg stadion, Nordsjøløypa.

Parkering | Telavåg stadion

Normal gangtid | 4 timar t/r.

Lett kupert terreng i utmark. Fin badeplass ved Brotet. Gamle fangsthytter.

Brotavarden, Sund kommune

Tyssøy

Startpunkt | Ved parkering like etter brua

Parkering | Like etter brua

Normal gangtid | 1,5 time t/r.

Følg asfaltveg og grusveg mot Smivågen. Sti frå Smivågen rundt Vestreneset til Skjervika. Lett terreng, god utsikt mot Raunefjorden.

Tyssøy, Sund kommune

Selekletten

Startpunkt | Tofterøy skulehus.

Parkering | Tofterøy skulehus.

Normal gangtid | Ca. 2 timar t/r, avhengig av startpunkt.

Lett kupert terreng i utmark. Selefjellet har restar etter tysk utkikkspost frå 2. verdskrig. Fin badeplass i Skjelevika.

Skaganeset

Startpunkt | Ta av frå Austre Sundvegen og følg Skogsvågvegen 900m. Ta av til venstre og følg Storhaugen 180 m.

Parkering | Ved starten av stien

Normal gangtid | 1,5 timar t/r.

Variert terreng med godt merka sti og klopper over våte parti. Det er mange steinalderfunn i området, og delar av stien går langs Kvalvågen med rik kvalfangsthistorie. Det er ein del sopp, og særs mykje blåbær i området.

Risøyna

Kobbavågen, fin badeplass med sandbotn. Lett å padla dit – fint for nybyrjarar. Fint å gå tur rundt på øya. Kajakk og kano kan leigast hos Sjøsportsenteret på Glesvær eller hos Panorama hotell.

Risøyna, Sund kommune

Børnestangen

Startpunkt | Sund skule

Parkering | Sund skule

Normal gangtid | 2-3 t.

Stien startar ved enden av Nedre Børnes (mellom hus nr 70 og 73B). Lett kupert terreng, turen går langs sjølinje. Fin badekulp på Tangaspissen. Hugs bandtvang, og ha respekt for gjerder og grinder.


Turar i Fjell

Liatårnet (Haganes, Bjørkedalen, Lie, Ekerhovd)

Startpunkt | Haganes

Parkering | Haganes (grusplass på høgre side av vegen).

Normal gangtid | 4 timar t/r.

Det høgaste fjellet på Sotra er eit populært turmål. Med sine 341 meter over havet har du utsikt i alle himmelretningar. Det er fleire startpunkt, men her tar vi utgangspunkt i stien som følger Nordsjøløypa frå Haganes. Andre startpunkt er parkeringsplassen ved Fjell Festning, frå Li, eller frå toppen av Bildøybakken.

Liatårnet, Fjell kommune

Skjenet/Knappskogfjellet (alt. Fjæreide)

Startpunkt | Morland - alternativt Fjæreide.

Parkering | Langs vegen

Normal gangtid | 1 - 1,5 t t/r.

Denne turen går langs Nordsjøløypa. Du startar på asfaltvegen på Morland og følger vegen eit stykke innover mot nord, merka med Nordsjøløypeskilt. Der vegen sluttar går du over på grøn og fin stølsveg
gjennom beitemark. Mot toppen går du på sti og fjell.

Skjenet/Knappskogfjellet, Fjell kommune

Munkerøysa på Bjorøy

Startpunkt | Bjorøyna, etter tunnelen, på austsida av vegen.

Parkering | På vegskulder ved Nilsvika, ved første avkøyrsle etter tunnelen, og gå i retning aust over bilvegen – pass opp for biltrafikken.

Normal gangtid | 1,5 timar t/r. (Turen er 3,1 km t/r) Turen går på sti rett ved Nordravatnet. Passerer kulturminnet gravrøysa Munkerøysa. Sti gjennom Revvika og nordover til Gavlen.

Munkerøysa på Bjorøy, Fjell kommune

Høybøen (Vindeneskvarven)

Startpunkt | Parkeringsplassen ved bedehuset på Vindenes.

Parkering | Ved bedehuset på Vindenes

Normal gangtid | 2 timar t/r.

Følg merking Nordsjøløype frå bedehuset. Skogsveg gjennom furuskog og sti heilt ned til sjøen. I dette området har det vore folk frå eldre steinalder til mellomalderen. Høybøen byr på gravrøyser og restar
etter ein middelaldergård.

Høybøen (Vindeneskvarven), Fjell kommune

Sandeie (Algrøy)

Startpunkt | Algrøy skule.

Parkering | Algrøy bygdahall.

Normal gangtid | Ca. 4 timar t/r, vis sjøvett.

Kystkulturlandskap ytst i havgapet. Vik med skjelstrand. Bruer og klopper over dei våtaste partia mot Idlefjellet. Noko kupert terreng frå Idlefjell til Sandeie. Det kan vera vått på stien så bruk godt skotøy. Det kan og blese friskt på toppen, så det er viktig å kle seg etter veret!

Sandeie (Algrøy), Fjell kommune

Saltskohavn (Vågo)

Startpunkt | Vågo - du kan og starte frå Hjelteryggen.

Parkering | Ved vegen til Vågo, inst ved Vågen, ved Ådrotten.

Normal gangtid | 1,5 – 2 timar t/r.

Turen startar på asfaltveg. Etter kvart går vegen over til ein tydeleg sti ut i marka. Fin utsikt over Hjeltefjorden og vidt utsyn i dei fleste retningar.

Saltskohavn (Vågo), Fjell kommune

Foldnes - Hjelteryggen (Kyrkjevegen)

Startpunkt | Parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje.

Parkering | Parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje

Normal gangtid | 1,5 time t/r.

Grusa turveg frå Foldnes til Hjelteryggen. Den er universelt utforma, slik at rullestolbrukarar kan nytta den fram til Larslivatnet. Drikkevatn og rasteplassar langs vegen.

Foldnes - Hjelteryggen (Kyrkjevegen), Fjell kommune

Havutsikten/ Polleide

Startpunkt | Parkeringsplassen ved Kårtveitpollen friluftsområde.

Parkering | Parkeringsplassen ved Kårtveitpollen friluftsområde.

Normal gangtid | ca. 1,5 time t/r.

Stien startar på svaberget ved parkeringsplassen. Etter første haugen ser ein varden. Klopper på dei våtaste partia. Flott utsikt og benkar rundt varden. Vest for Havutsikten ligg det nokre store jettegryter.
Badeplass/stupebrett og gapahuk ved Kårtveitpollen friluftsområde.

Havutsikten/ Polleide, Fjell kommune

Spjeldsfjellet (Fjæreide, Ågotnes, Kårtveit)

Startpunkt | Ved snuplassen på Fjæreide.

Parkering | Langs vegen nokre hundre meter før snuplassen på Fjæreide.

Normal gangtid | Ca. 1,5 time t/r.

Flott sti med over 40 klopper over dei våte partia, laga av Sotra- og Øygarden turlag. Stien er ein del av Nordsjøløypa. Spjeldsfjellet ragar 165 m.o.h over Spjeldsbygda. Utsikt i alle himmelretningar.

Spjeldsfjellet (Fjæreide, Ågotnes, Kårtveit), Fjell kommune

Duøyna (Hitsøy)

Startpunkt | Syltøy, Storesund.

Parkering | Storesund.

Normal gangtid | Ca. 2 timar roleg padling t/r.

Kupert terreng, fint for telting og fisking. Fortøying på nordvestsida, samt bak ei holme på austsida. Enkel kabin (Prosjekt 0m over havet) som ein kan leige for overnatting. Kontakt Per Erik Aadland på
e-post: paadland@gmail.com. Kanoutleie: tlf: 41234091, web: northernexposure.no, Facebook: Northern Exposure. Urtemakeriet på Algrøy har dagsutleige av båtar. Kontakt på tlf: 92881362


Turar i Øygarden

Rubbegarnståna på Hellesøy

Startpunkt | Hellesøy kai

Parkering | Utanfor kafeen på Hellesøy kai.

Normal gangtid | 1,5 time

Gå tilbake ca. 100 m, og ta vegen inn til venstre ca. 300 m forbi byggefeltet, til ein kjem til ein benk med bord på venstre side av vegen. Her startar ein godt merka sti ut til Rubbegarnståna, heilt nord i Øygarden. Ein kan gå tilbake same veg, eller følge stien som ein rundttur. Då kjem ein tilbake ved vegen lengre sørøst på Hellesøy.

Rubbegarnståna på Hellesøy, Øygarden kommune

Seløy, Gløvrebu

Startpunkt | Bakken gravplass

Parkering | Ved gravplassen

Normal gangtid | 1,5 time

Du går frå gravplassen gjennom ei grind og følger merka sti heilt fram til Gløvrebu. Stien er lett å gå, litt kupert gjennom skogen og når du kjem ut av den opnar det seg eit fantastisk utsyn over havet med holmar og skjær. Følg stien vidare til gapahuken Gløvrebu. Her er det satt opp bålpanne og små ildstader.

Seløy, Gløvrebu, Øygarden kommune

Nautnes-Trollvatn

Startpunkt | Nautnes

Parkering | Parkering ungdomshuset på Nautnes

Normal gangtid | 1,5 time

Gå tilbake langs etter vegen ca 400 m for å kome til busstoppet på Nautnes der stien startar. Ta av frå hovudvegen og inn ein sideveg på vestsida av vegen, i retning Nautnesvågen. Gå langs bygdevegen til du kjem til ein privat veg. Løypa går på veg frametter mot eit hyttfeltet som ligg på nordsida av Nautnesvågen, vakker utsikt over havet.

Nautnes-Trollvatn, Øygarden kommune

Tjeldstø-Hovden

Startpunkt | Bedehuset Tjeldstø

Parkering | Bedehuset på Tjeldstø

Normal gangtid | 3,5 timar

Busstopp på høgre side av vegen der det er ei informasjonstavle over flora og fauna i området. På andre sida av vegen ser ein den merka stien som går gjennom planfelt i nordvestlig retning til eit utkikspunkt ved Beinbrotet. Flott utsikt mot vest, ut i havet.

Tjeldstø-Hovden, Øygarden kommune

Skogsøy

Startpunkt | Herdlevær

Parkering | Parker langs vegen, rett før brua til Herdlevær.

Normal gangtid | 1,5 time

Langs stien er det god utsikt mot havet i vest. Frå Skogsøytuva er det eit flott rundskue, og frå varden ser ein havets krefter. Hugs å halde god avstand, dønningane kan kome langt opp. Skogsøy er og ein mykje brukt fugleobservasjonspost, for å studera haustog vårtrekket.

Skogsøy, Øygarden kommune

Dethloffhytta

Startpunkt | Ono

Parkering | Langs vegen der stien startar.

Normal gangtid | 1 time

Turen på Ono går ut til vestsida av øya. Dette er ein fin og lett tur, i relativt flatt terreng. Mange brukar å gå tur ut til vestsida av øya og sette seg på dei blankskurte svaberga nede ved sjøen. Du kan og ta med fiskestang og fiske frå land her ute.

Dethloffhytta, Øygarden kommune

Anekletten på Toftøy

Startpunkt | Torsvik

Parkering | Ved Torsvik elektriske

Normal gangtid | 1,5 time

På austsida av vegen er det ei tavle med informasjon på fleire språk om denne delen av Norsdjøløypa. Turen er merka med nordsjøløypelogoar. Ein går austover ut i utmarka, i Årdalsåsen, og dreiar sør og opp på utsiktspunktet Anekletten, 60 moh. Her kan ein sjå uendeleg horisont i vest, Alden i Sunnfjord i nord og Ulriken og Fløyen i søraust.

Anekletten på Toftøy, Øygarden kommune

Padletur Kystmuseet i Ovågen

Padletur

Om du ønskjer å padle kano i Ovågen, kan dette gjerast ved Kystmuseet i Øygarden. Dei har også padlevestar. Utlån av kano i opningstidene til Kystmuseet.

Padletur Kystmuseet i Ovågen, Øygarden kommune

Steinsvatnet tursti

Startpunkt | Flåten

Parkering | På Flåten.

Normal gangtid | 1,5 time

Rundløype på 4,8 km, som startar og sluttar på Flåten ved Bakstehuset i Blomvåg, Flotevegen 53. Stien er ein type sauetråkk - variert. Nokre stadar vått og myrete terreng, men siste 2,5 km er asfaltert veg.

Steinsvatnet tursti, Øygarden kommune

Vikåsen på Toftøy

Startpunkt | Kryss vegen og gå 200 m nordover til inngangen av Vikåsen tursti.

Parkering | Parkere ved Teknologisenteret

Normal gangtid | Ca 2,5 - 3 timar.

I Vikåsen kan ein gjera fleire små tursløyfer, frå 1,5 til 5 km lange. Fleire av turane er merka med nordsjøløypelogoar. Hovudinngangen til turstiane er ved rv. 561, rett vest for Vik gard. Det er sett opp informasjonsskilt der stien startar, rett på innsida av bomvegen som fører til det kommunale vassverket ved Stegevikvatnet.

Vikåsen på Toftøy, Øygarden kommune