Folkefest ny kommune

Vi inviterer innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden og andre interesserte til fest for å markera overgangen til Nye Øygarden kommune.

Bli med på folkefest for Nye Øygarden kommune

Dette kan du vera med på

  • Tysdag 31. desember kl. 23.30
    Nyttårsmarkering ved fyrlykta i Skogsskiftet med bl.a. fyrverkeri. Fire ordførarar deltek.
  • Onsdag 1. januar kl. 18.00
    Nyttårskonsert med storband og brassband i Hjeltefjorden Arena på Rong. Dørene opnar kl. 17.00.
  • Laurdag 4. januar Den store folkefesten i Sotra Arena
    10.00: Aktivitetar og konkurransar ute og inne for store og små.
    13.00: Offisiell opning. Statsminister Erna Solberg deltek.
    18.00: Det store korslaget.
    23.00: Dans med Gardsbruk. Dørene opnar kl. 22.00.
  • Sundag 5. januar kl. 11.00
    Fellesgudsteneste i Sotra Arena. Kyrkjekaffi.

Bestill billettar her

Billettar kan tingast hjå ticketmaster.no
Du kan også henta billettar på biblioteka i Skogsskiftet, Rong og Straume.

  • Nyttårskonsert 1. januar kl. 18.00 (gratis)
  • Offisiell opning 4. januar kl. 13.00 (gratis)
  • Det store korslaget 4. januar kl. 18.00 (gratis)
  • Dans med Gardsbruk 4. januar kl. 23.00 (kr. 200,-) 18 års aldersgrense.

Velkomen til folkefest for Øygarden kommune!