Krevjande økonomi

Dei tre kommunane i vest skal laga ein økonomisk prognose for årsresultatet for 2019. Dette vert lagt fram på ein budsjettkonferanse i juni. Det vedtok fellesnemnda i dag.

Frå møtet i dag.

Fellesnemnda vedtok også, etter framlegg frå Espen Harkestad, at til møtet i juni skal det liggja føre oversyn over tapte inntekter som inntreffer i overgangen til 2020 og oversyn over forventa reduksjon i stillingar ved naturleg avgang.

Før behandlinga av økonomirapporten pr. første kvartal 2019 orienterte prosjektrådmann Rune Lid om status for økonomien samla for dei tre kommunane så langt i år. Økonomirapporten basert på økonomiske rapportar frå dei tre kommunane viser eit negativt avvik på 15,9 millionar kroner etter første kvartal 2019. Han har bedt dei tre rådmennene å laga prognose for 2019.

– Økonomien vert krevjande framover, og det er for stor ubalanse mellom utgifter og inntekter. Eigenkapitalen er liten, lånegjelda er høg, og økonomien er ikkje berekraftig i dag eller over tid. Dette er krevjande, men vi kjem til å få det til, sa Lid.

Endring av adressenamn i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda godkjende endring av 58 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden som følgje av kommunesamanslåinga. Vedtaket i fellesnemnda samsvarar med det som går fram av saksframlegg frå dei tre kommunane. Fellesnemnda ber administrasjonen å sikra at ny adressering er på plass til 1. januar 2020.

Arbeidet med å endra adressenamn i dei tre kommunane starta opp etter vedtak i fellesnemnda i januar 2018. Dei tre kommunane har arbeidd med å sikra eintydige vegnamn. Ut frå fastsette retningsliner vart det avklart kva vegnamn den enkelte kommune måtte endra. Det vart deretter opna for at grunneigarar, som ville få nye vegnamn, kunna koma med innspel til nye namn. Språkrådet har kome med sine vurderingar.

Nytt ordførarkjede

Fellesnemnda gjorde vedtak om val av leverandør for nytt ordførarkjede for Øygarden kommune 2020. Saka var unnateke offentlegheit. Vedtaket vert offentleg når partane er orienterte om vedtaket.

Status for arbeidet med den nye kommunen

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for Nye Øygarden kommune. Prosjektorganisasjonen er no inne i gjennomføringsfasen. Det er gjort tilsetjing i 29 stillingar som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune. Fire stillingar, det ikkje er gjort tilsetjing i, vert lyste ut internt i dei tre kommunane.

I arbeidet med den nye kommunen er det for tida fokus på kva som må vera ferdig innan 1. januar 2020. Avdelingsstrukturen skal etter planen vera på plass innan 31. mai, medan innplassering av alle tilsette er på plass innan 21. juni. Lokalisering skal vera på plass seinast 30. oktober. Rune Lide opplyste at Åse Vik, som i dag er kommunalsjef og assisterande rådmann i Øygarden kommune, vert assisterande rådmann for Nye Øygarden kommune i ein overgangsperiode. Han opplyste også at Bjarne Ulvestad er tilsett som dagleg leiar i det fusjonerte selskapet ØyVA(R) AS.

Øygardskonferansen 2019

Dagleg leiar i Vest Næringsråd (VNR), Rikard Ledang, gav informasjon om den planlagde konferansen, Øygardskonferansen 2019, som går av stabelen fredag 29. november med tittelen «Et HAV av muligheter».

– Det er viktig å stå fram som ein stor og sterk region, sa Ledang.

Målet med konferansen er mellom anna å vidareutvikla ein attraktiv møteplass for næringslivet og kommunane i regionen med fokus på samhandling og innovasjon på tvers av bransjar. Det er også eit mål å synleggjera kompetansen og potensialet i regionen.

Regjeringa representert på konferansen. Det vert fleire innlegg knytt til hav og fornybar energi. Det er også lagt inn paneldebatt i programmet. Finn Tokvam vert konferansier.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå opptak frå møtet (nett-TV).

Presentasjonar i møtet

Tekst: Vigleik Brekke