Krevjande jobb fram mot nyttår

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte fellesnemnda i dag om kva som må prioriterast fram mot at den nye kommunen er eit faktum frå nyttår. Prioriterte oppgåver er mellom anna budsjett, lokalisering, delegasjonsreglement (administrativt og politisk) og nye IKT-system.
– Arbeidet er i rute, sa Lid.

Prosjektrådmann Rune Lid og dei andre i leiargruppe orienterte om status i arbeidet i prosjektorganisasjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når det gjeld budsjettet arbeider leiinga med gjennomgang av økonomisk status for 2019. Det vert sett fokus på netto driftsresultat, fondstransaksjonar, fond og lånegjeld.

– I Sund og Fjell har ein økonomiske utfordringar, og det er gjennomført innsparingstiltak i 2019. Vi stiller spørsmålet om desse innsparingane må vidareførast i 2020. Sannsynlegvis må dei vidareførast på dei fleste områda, sa Rune Lid. Han sa at den nye kommunen har ein krevjande jobb framfor seg fram mot nyttår.

Den 31. oktober presenterer prosjektrådmann konklusjonen når det gjeld lokalisering av administrasjon og tenester. Prosessen fram mot slutten av oktober er slik:

  • 23.10.  Drøfting overordna styringsgruppe
  • 24.10.  Høyring arbeidstakarorganisasjonane
  • 29.10.  Frist høyring kl. 15.00
  • 31.10.  Publisering av avgjerd

Dei fem kommunalsjefane presenterte status for sine arbeidsområde. Her kan du lesa presentasjonen til prosjektrådmannen og kommunalsjefane. (PDF).

Fleire medlemer i fellesnemnda takka prosjektrådmannen og hans folk for grundig innføring i status i arbeidet.

Gebyr- og brukarbetalingar

Fellesnemnda vedtok å leggja to framlegg til forskrifter ut på høyring. Det gjeld forskrift om vass- og avlaupsgebyr og forskrift om tømming av private avlaupsanlegg. Høyringsfristen er 25. november.

Forskrifter og abonnementsvilkår for vatn og avlaup
Det vart vedteke å leggja ut fire forskrifter og standard abonnementsvilkår på høyring med ein høyringsfrist på kunngjeringsdato. Dette er:

  • Forskrift om gebyr for kontroll og tilsyn av avlaupsleidningar og avløpsanlegg
  • Forskrift om påslepp og utslepp av oljehaldig, feitthaldig og industrielt avløpsvatn
  • Tekniske bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)
  • Administrative bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)

Økonomisk status for prosjektorganisasjonen

Pr. 11. oktober er det nytta 18,4 millionar kroner av prosjektmidlane for den nye kommunen. Det står dermed igjen knapt tre millionar kroner av den mottekne eingongsstøtta til kommunesamanslåinga. Så langt har  det ikkje vore behov for å forskottera frå reformstøtta som vert utbetalt til  nyttår. Prosjektrådmannen reknar med at det vert behov for å forskottera midlar frå reformstøtta i løpet av hausten.

Revisjonstenester i den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok å gje oppdrag med revisjonstenester for Nye Øygarden kommune. Når vedtaket er offentleg, vert det lagt ut.

Dette var det siste møtet for fellesnemnda før nytt kommunestyre tek over. Torsdag 24. oktober er det konstituerande kommunestyremøte for (Nye) Øygarden kommune. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke