Korleis kan vi skapa endringsvilje?

Juridisk rådgjevar på Arbeidsmiljøsenteret, Hilde Hus Svanevik, stilte  mange spørsmål då ho snakka om endring og omstilling på arbeidsverkstaden i Sund i dag.

Hilde Hus Svanevik

– Er mennesket endringsvillig? spurte Hus Svanevik og svarte delvis på spørsmålet sjølv.

– I utgangspunktet har vi ikkje lyst å endra oss. Vi er tryggleikssøkjande.

Hus Svanevik illustrerte vegen mot den nye kommunen ved ei skisse der det må byggjast ei bru frå situasjonen no til den nye kommunen .

– Det må lagast ei bru for at den enkelte skal kunna gå vegen. Dette må risikovurderast. Kva kan gå gale? spurte Hus Svanevik.

Involvering

I samtalen med deltakarane på arbeidsverkstaden kom det nokså tidleg fram at kommunikasjon og involvering er viktig for å lukkast med å byggja den nye kommunen. Nokre peika på at involvering er vel så viktig som informasjon.  Resultatet vert gjerne at det vert informasjon om det som allereie er avgjort. Då går informasjonen på kostnad  av involvering. Føredragshaldaren utfordra forsamlinga på korleis ein skal få til ei verkeleg involvering.

I samtalen vart det stilt spørsmål om risiko. Døme på dette kan vera risiko knytt til jobbar og lokalisering. Det  er ein risiko for å mista gode folk i prosessen med å byggja ein ny kommune. Ifølgje Hus Svanevik er det tre typar menneske i ein prosess som dette; dei som er lojale, dei som vel å slutta og dei som seier frå (voicer).

Hilde Hus Svanevik avslutta med å trekkja fram sentrale tema i samtalen med deltakarane på arbeidsverkstaden. Involvering er viktig, leiarane må visa veg, skuffelsar må taklast, og det er fare for å mista folk. Det handlar ikkje berre om å få med seg det beste frå alle, med å laga det beste i den nye kommunen.

Stimulab

Prosjektleiar Kristina Espeseth orienterte om status for arbeidet med Stimulab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og deira pårørande, ny teneste i ny samanslått kommune». Målet med dette prosjektet er at innbyggjarane i Nye Øygarden kommune skal oppleva eit heilskapleg  og tilgjengeleg tenesteapparat, som tilbyr koordinert og behovstilpassa hjelp til barn og unge.

Kristina Espeseth

– Dette er eit ope prosjekt der vi ikkje no kan seia så mykje om kva vi kan få ut av prosjektet. Brukarane er hovudmålgruppe for dette prosjektet, sa Espeseth.

Dei tre rådmennene i Sund, Fjell og Øygarden er styringsgruppe for prosjektet. Målet er at innbyggjarane i Nye Øygarden kommune skal oppleva eit heilskapleg og tilgjengeleg tenesteapparat som tilbyr koordinert og behovstilpassa hjelp til utsette barn og unge.

Utfordringar i prosjektet er at kommunane har ulik organisering, kultur og samhandlingsmetodikk, ulike forvaltningsnivå (kommune-stat), teieplikt og journalsystem og tidsfristar når det gjeld kommunesamanslåinga.

Prosjektet har ei økonomisk ramme på 1,2 millionar kroner. Det er gjeve støtte frå DOGA (Design og arkitektur Norge) og Difi (Direktoratet for forvaltning og ikt)

Nye Øygarden kommune går inn med 100 tusen kroner til arbeidsverkstad og 90 tusen kroner til dekkja reisekostnader. Eigeninnsatsen er 1,25 prosent stilling. Etter planen skal det signerast kontrakt med samarbeidsaktør i desember.  Målet er at prosjektet og metoden vil ha stor overføringsverdi både i eigne kommunar og for andre.

Les presentasjonen til Kristina Espeseth her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke