Korleis kan ein få barnet si stemme inn i møter som omhandlar barnet, og kva effektar gir det?

Dette er ei av problemstillingane tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har jobba med dei siste vekene. Rundt 30 tilsette i dei tre kommunane har delteke i seks eksperiment som har testa ut ulike måtar å samhandla på i møte med brukarane. Eksperimenta er ein del av StimuLab-prosjektet.

Eksperimenta har blitt dokumentert undervegs, både av dei tilsette og av dei rundt 15 brukarane som har deltatt i eksperimentet, samt deira pårørande. Barn og unge har dokumentert korleis dei har det ved å setta klistremerker på ein plakat, saman med utfyllande kommentarar. Dei føresette har ført dagbok i ein periode på seks veker, der dei mellom anna har dokumentert sine erfaringar i møte med kommunen og tenesteapparatet i denne perioden.

Workshop i Skogsvåg, der deltakarane jobba med å bearbeida innsikt frå eksperimenta
Workshop i Skogsvåg

Tysdag 18. juni vart eksperimentperioden avslutta med workshop i Skogsvåg, der deltakarane jobba med å bearbeida innsikt frå eksperimenta.  Tenestedesignarar frå EGGS Design leia workshopen, og rettleia gruppene i arbeidet med å kategorisera innsikt og trekka fram den viktigaste lærdomen frå kvart eksperiment. Erfaringa frå eksperimenta vil danna grunnlaget for vidare arbeid i StimuLab-prosjektet, saman med tidlegare innsikt frå intervju med brukarar og pårørande som vart gjennomført i februar. Gjennom dei ulike eksperimenta har fleire av tenestene i kommunane fått testa ut ulike løysingar for samhandling i liten skala, og har gjort seg gode erfaringar om korleis tenestene kan samhandla betre i den nye kommunen. Basert på erfaringane frå eksperimenta vil det bli sett i gang fleire delprosjekt i dei tre kommunane til hausten, der nokre av løysingane blir tilpassa og prøvd ut i større skala.

StimuLab-prosjektet jobbar med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune, og varer ut 2019. Prosjektet nyttar tenestedesign som metode, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, administrert av Difi og DOGA.

Post-it lappar deltakarane sorterte innsikt i positive og negative erfaringar både for brukar og organisasjonen, og plasserte dei i ulike kategoriar.
Deltakarane sorterte innsikt i positive og negative erfaringar både for brukar og organisasjonen, og plasserte dei i ulike kategoriar.
Post-it lapp "De følte seg viktig" tilbakemelding frå brukar som har deltatt i eitt av eksperimenta
Tilbakemelding frå brukar som har deltatt i eitt av eksperimenta.

Dette har eksperimentgruppene jobba med:

  • Korleis få til betre overgangar for barn og unge, mellom barnehage-barneskule-ungdomsskule?
  • Kva skjer dersom ein tilbyr familiar brei fagleg utreiing og hjelp frå start?
  • Korleis kan det å fokusere på barnet si meistring, betre kvardagen til barnet?
  • Kan ein få til ein tiltaksplan på 48 timar?
  • Korleis kan ein få barnet si stemme inn i møter som omhandlar barnet, og kva effektar gir det?
  • Korleis kan ein vera tett på brukaren og familien – utan at det blir personavhengig?

Tekst: Kristina Espeseth, prosjektleiar for StimuLab
Foto: Matilde Bjørnvik, tenestedesigner i EGGS Design