Konkurranseinstinktet vakna på Pyttane

Det var mange skjulte talent som kom for ein dag då eit 50-tals medarbeidarar var samla på Pyttane i ekte vestlandsver torsdag kveld. Det var kommunalsjef for organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, som hadde samla folka sine til fagleg påfyll, konkurranse, hygge og godt matfellesskap.

Det måtte godt samarbeid til for å løysa oppgåvene.

 

I det sure veret på Pyttane 330 meter over havet hadde Sotra Villmarskssenter laga til konkurransar som kravde samarbeid på alle plan. Konkurranseinstinktet vakna hjå mange, og det stod tydelegevis mykje prestisje på spel. Av ein eller annan merkeleg grunn gjekk dei såkalla «Einarane» med Jørgen Kausland i spissen av med sigeren. Mykje tyder på at det heile handlar om dommartabbe. Men dei fem andre laga tok tapet med god sportsånd.

I den nye kommunen er det om lag 100 medarbeidarar som skal arbeida under kommunalsjefområdet Organisasjon og digitalisering. Samlinga, der medarbeidarane for første gong møtte kvarandre samla på denne måten, starta med foredrag ved kommunalsjef Sissel Iren Nesse i Straume Teknologisenter der 60-70 medarbeidarar var på plass.

Utfordrar etablerte sanningar

Ho innleia med at vi no er inne i den fjerde industrielle revolusjonen der digitale teknologiar smeltar saman med biologiske og økonomiske system. Mange arbeidsplassar vert erstatta med ny teknologi.

– Korleis skal menneska jobba saman for at stat og kommune kan utføra samfunnsoppdraget. Det handlar om innovasjon der vi tek ansvar saman. Vi må utfordra etablerte sanningar. Det er det eg lærer i morgon som er interessant, ikkje det eg lærte i går. Vi skal byggja den nye organisasjonen saman, men på ein annan måte, sa Nesse og understreka at vi må vera fleksible og robuste samstundes.

Frå venstre; Sissel Iren Nesse, Kaja Pedersen, June Johannesen, Grethe Bergsvik og Lennart Fjell.

Kommunalsjefen avslutta med å gje nokre råd til medarbeidarane.

– Vér open og positiv og bruk tid og energi i endring. Hald motet oppe og ver ein god støttespelar, sa Nesse.

Ho presenterte dei fire einingsleiarane for stabsavdelingane drift, utvikling, service og tryggleik. Kaja Pedersen, som i dag er personalsjef i Sund kommune, skal leia stasavdeling drift, medan kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, skal leia utvikling. Servicetorgsjef i Fjell, Grethe Bergsvik, er konstituert som leiar av service, medan June Johannesen skal leia stabsavdelinga for tryggleik.

Etter harde tak på Pyttane bar vegen til Panorama Hotell og Resort for ein god buffé og underhaldning ved Vivian Steinsland.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

Vivian Steinsland