Kommunestyra skal gje uttale til politisk styringsstruktur

På møtet i fellesnemnda i dag vart det vedteke å leggja sluttrapport for politisk styringsstruktur ut på høyring til kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden. Det må setjast ein frist som gjer det mogleg å rekkja tilbake med sak til fellesnemnda den 18. juni.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

I vedtaket heiter det også at før saka vert sendt ut på høyring, må det leggjast ved ei oversikt over fordelar og ulemper ved fire utval, tre eller to utval.

Elles legg fellesnemnda til grunn ein politisk organisasjonsmodell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Fire medlemer røsta for å leggja tre hovudutval til grunn for den politiske organiseringa. Fellesnemnda vil ta endeleg stilling til saka når ho har vore på høyring

I intensjonsavtalen, vedteken i juni 2017,  er det lagt til grunn at det skal vera fire hovudutval, medan utval for politisk styringsstruktur no føreslår at den nye kommunen skal ha to hovudutval. På bakgrunn av dette føreslo leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro, at saka må på høyring til kommunestyret fordi innstillinga frå utvalet er ei endring i forhold til vedtaket/mandatet frå kommunestyra.

Forslag til eigarstruktur

Etter ein lengre debatt, vedtok fellesnemnda å leggja sluttrapport for utval for eigarskapsmodellar til grunn for organisering av eigarskap i Nye Øygarden kommune. Etter fellesnemnda si første behandling vert rapporten sendt ut på høyring til dei som er nemnd i saksutgreiinga og i tillegg dei tre kommunestyra. Høyringsfristen vert sett til 23. mai, og fellesnemnda sluttbehandlar saka og rapporten i møtet den 18. juni.

Det vart vidare vedteke å be prosjektrådmannen å leggja fram eit forslag til prioritering av kva kva tenesteområde ein må starta prosessen først med, også knytt til juridiske vurderingar, og at dei enkelte kommunestyra eventuelt må gjera eigne vedtak om oppløysing eller liknande.

I tillegg vart det lagt til ein protokolltilførsel frå Marianne Sandahl Bjorøy på vegner av representantane frå Arbeiderpartiet som gjeld deira synspunkt på nokre enkelte punkt knytt til organisering av tenestene/områda som er omtalt i rapporten.

I sluttrapporten frå utvalet er det føreslått at ØyVAR AS vert eit nytt selskap for å samla alle VAR-tenestene (VAR: vatn, avlaup og renovasjon). Dersom BIR AS skal utføra renovasjonsløysingar, vert det det etablert eit selskap med namnet ØyVA AS (utan renovasjon. I rapporten er det vidare føreslått å etablera Øygarden næringseigedom AS. Dette selskapet skal arbeida med aktiv utvikling av næringseigedomar for å fremja strategiske og økonomiske mål på vegner av kommunen.

Forvaltning og drift av eigne bygg og anlegg føreslår utvalet å samla i eit eige føretak med namnet Øygarden eigedomsforvaltning KF. Det er også føreslått å etablera eit næringsutviklingsselskap med namnet Øygarden næring- og utvikling AS. Brann- og redningstenesta er føreslått teke inn i eit nytt kommunalt føretak, alternativt i kommunal etat saman med andre tenester.

Lokaldemokrati og identitet

Også i saka om lokaldemokrati og identitet – rammebudsjett for tiltak og
arrangement var det mange som tok ordet. Arbeidsgruppa for lokaldemokrati har lagt fram tiltakspakke og milepelsplan for fellesnemnda saman med budsjett som peikar tilbake på dei enkelte tiltaka.  Budsjettet har ei samla ramme på 1,5 millionar kroner for 2018 og 2019. Saka vart lagt fram utan innstilling.

Fellesnemnda vedtok å slutta seg til prosjekt og aktivitetar slik det er skissert i saka med nokre korrigeringar og føringar. Dette gjeld at kyrkja må involverast, bygdevandring som tillegg til Kystpass, Fjell festning light festival og andre samlande eksisterande arrangement må vurderast.

Fellesnemnda slutta seg til rammebudsjettet slik det er skissert for 2018, unntatt den posten som gjeld marknadsføring, kommunikasjon og profilering (inklusive bruk av logo). Prosjektrådmann kjem tilbake til denne posten i junimøtet. Budsjettet for 2019 må sjåast i samanheng med heile budsjettprosessen for fellesnemnda for 2019. Ein ber spesielt om at løyvingar til MOT-festival vert avklart snarast sett opp mot løyvingar som er gitt i kvar enkelt kommune.

Fellesnemnda ber om at det i august 2018 vert presentert ny status for prosjektet.

Overtar av ansvaret for tannhelsetenesta?

Fellesnemnda er positiv til å delta i Helse- og omsorgsdepartementet si prøveordning der kommunen overtek ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta i dei tre kommunane. Ei eventuell overtaking av dette ansvaret vil i tilfelle ha verknad frå januar 2020. Fjell kommune har allereie inngått ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om leige av areal i lokalmedisinsk senter på Straume. Saka vert vidaresendt til dei kommunestyra til orientering.

Rune Lid vert prosjektrådmann

Fellesnemnda vedtok at Rune Lid vert prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Det er leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden, som i samråd med rådmennene har utarbeidd ei mellombels løysing for prosjektstyringa av Nye Øygarden kommune.

Etter at prosjektleiar Paul J. Manger slutta i stillinga som prosjektleiinga like før påske, har leiargruppa arbeidd med korleis prosjektorganisasjonen skal styrast heretter.

Vedtaket på møtet på måndag inneber at rådmennene i dei tre kommunane skal ha ei særskilt rolle i styringa av prosjektet fram til utgangen av 2018. Rune Lid er spurt og har sagt seg villig til å vera prosjektrådmann ut dette året inntil ny rådmann for den nye kommunen er tilsett. Rune Lid får tilbod om stillinga tilsvarande assisterande rådmann frå og med 1. januar 2020.

Prosjektrådmann Rune Lid

Prosess for ny rådmann

Fellesnemnda vedtok at det vert sett i gang ein intern tilsetjingsprosess med delkjøp av ekstern konsulenthjelp for rådgjeving i arbeidet med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Dei tre ordførarane får fullmakt til å gjennomføra prosessen med tilsetjing av rådmann. Det vert etablert eit tilsetjingsutval samansett av sju personar. Arbeidsgjevarsida er samansett av dei tre ordførarane i tillegg til Odd Bjarne Skogestad. Utvalet er vidare sett saman av tre tillitsvalde, eín frå kvar kommune, valde av og blant dei tilsette.

I saksutgreiinga går det fram at utlysingstekst må vera ferdig i løpet av juni månad slik at utlysinga kan annonserast like etter sommarferien (august).  Det vert teke sikte på å tilsetja ny rådmann innan 1. oktober slik at den nye rådmannen kan vera på plass frå 1. januar 2019.
Fellesnemnda får tilbake ei drøftingssak i junimøtet som skildrar val av rådgjevande ressurs, korleis ein skal nytta administrativ ressurs, stillingsprofil, prinsipp for kompensasjon og vurdering knytt til fast stilling versus åremål.

Orientering

Etter saka om tilsetjing av rådmann, orienterte den nytilsette prosjektrådmannen Rune Lid om prosjektstrukturen der han og dei to andre rådmennene har definert ei styringsgruppe der rådmannsgruppa, delprosjektleiarar og tillitsvalde skal delta. Han har ambisjon om å leggja fram hovudstruktur for administrativ organisering i juni og håpar å ha på plass kommunalsjefar/kommunaldirektørar på seinsommaren/tidleg haust.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland