Kommunalministeren møtte Nye Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune på Skjenet i dag. Statsråden opplever at kommunane i regionen arbeider godt saman om kommunereforma.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Til venstre; Silje Hjemdal.

– Mitt inntrykk er at det er stor vilje til samarbeid mellom kommunane og at det ligg til rette gode tenester for innbyggjarane i framtida, seier statsråden.

Ho er varsam med å gje konkrete råd til dei som arbeider med å byggja den nye kommunen.

– Eg skal vera varsam med å gje råd, men det er viktig at innbyggjarane kjenner ein identitet til Nye Øygarden kommune og opplever at dei høyrer til her, seier Monica Mæland. Ho minner også om at det er avgjerande at ungdomane vert engasjerte i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

På møtet i dag fekk ho generell informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen, IKT-arbeid og situasjonen for næringslivet. Ho tek også med seg tilbake ein del problemstillingar som vart tekne opp på møtet i dag.

– Det er stilt spørsmål om pensjon, stifting som selskapsform og økonomien for reformarbeidet som eg tek med meg tilbake, seier Monica Mæland.

Ønskte kunnskap om kommunereformarbeidet

Bakgrunnen for at statsråden ønskte å møta leiinga i dei tre kommunane som arbeider med å byggja den nye kommunen i regionen var å høyra om erfaringar, kva moglegheiter kommunane har sett i arbeidet med samanslåinga og kva utfordringar dei har møtt på. Ho ønskte også å få kunnskap om korleis lokalsamfunnet er prega av oljenedturen og kva tiltak som har fungert.

Ordførar Kari-Anne Landro, som også leiar fellesnemnda, gav informasjon om status for arbeidet med kommunereforma ved mellom anna å visa til korleis arbeidet er organisert. Dei statlege bidraga til dette arbeidet er eingongsstønad på 35,9 millionar som vert utbetalt før den nye kommunen er ein realitet og reformstøtta som vert utbetalt etter at kommunen er etablert i januar 2020. Landro stilte spørsmål om kva som er bakgrunnen for at reformstøtta vert utbetalt etter 2020. Monica Mæland viste til at det er døme på kommunereformprosessar som har stranda og at det dermed er klokt å venta med heile utbetalinga. Ho merka seg likevel denne problemstillinga og vil vurdera utbetalingstidspunktet i departementet.

IKT-leiar i Sund, Jørgen Kausland orienterte om regionale digitale samarbeid og status for IKT-samarbeidet i kommunane. Målet er å få på plass teknisk grunnmur i løpet av september 2018 og å utvikla og gjera grunnmuren klar for å ta imot tenester frå desember 2018.

Frå venstre: Tom Georg Indrevik, Monica Mæland, Kari-Anne Landro, Paul J. Manger,  Børge Haugetun, Henning Hauso, Elizabeth Toft Erichsen, Marianne Sandahl Bjorøy og Terje Handal.

Nøktern optimisme i næringslivet

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Henning Hauso, viste til tre hovudutfordringar for regionen. Det er å leggja til rette for næringsutvikling og å sikra innovasjon og samarbeid på tvers og lokalt. For det tredje må kompetansen utnyttast regionalt og nasjonalt. Både Hauso og andre rundt bordet gav uttrykk for at det no går betre for næringslivet etter oljenedturen, men at nokre av næringsaktørane gjerne «held litt igjen».

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, presenterte olje- og gassklyngja i Øygarden og Hjeltefjorden som er eit område med sterk næringsklyngje. Det siste store tilskotet i Øygarden er planane om å plassera karbonfangstanlegg i naturgassparken. Dette prosjektet vert svært viktig for regionen om det vert realisert som planlagt.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om vedtaket i kommunestyret i Fjell i går om å kjøpa aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS og at dette er eit strategisk grep med tanke på næringsutvikling og Ågotnes som framtid hamn for bergensområdet. Ho viste også til at Fjell kommune satsar sterkt på å tilby lærlingplassar.

I tillegg til dei tre ordførarane, Henning Hauso og Jørgen Kausland, var prosjektleiar Paul J. Manger og fungerande rådmann i Fjell, Terje Handal, på plass på møtet på Skjenet. Dei andre deltakarane var varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, og politikarane Silje Hjemdal (fylkespolitikar for Frp) og kommunepolitikar Elizabeth Toft Erichsen (V) frå Sund.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke