Klimaomstilling er nødvendig

Professor på Universitetet i Bergen, Håvard Haarstad, var tydeleg på at klimaomstilling er eit reelt vilkår for kommunalt handlingsrom då han heldt foredrag på felles kommunestyre for Sund, Fjell og Øygarden på Panorama Hotell & Resort på torsdag.

Håvard Haarstad

Professoren på Institutt for geografi snakka om bærekraftig samfunnsutvikling. Han forskar på grøn omstilling, forvaltning, byutvikling og mobilitet og tok utgangspunkt i det regionale perspektivet og utfordringane og moglegheitene til Nye Øygarden kommune i lys av Parisavtalen, fortetting og målet om nullvekst i personbiltrafikken.

I tillegg til at klimaomstilling er eit vilkår for kommunal handlingsrom, reknar Haarstad med at framtida vil gje vekst i folketalet, men at det er forventning om urbane kvaliteter. Det tredje framtidsscenarioet er nye teknologiske moglegheiter innan transport og mobilitet.

– Dette vert statlege og regionale føringar for planar på kommunalt nivå, sa han. Ifølgje Haarstad er Noreg mellom dei landa i vera som er minst utsette for direkte negativ påverknad.

– I globalt perspektiv er konsekvensane likevel store. Vi er ein del av den store verda som vil oppleva klimaflyktningar og nedgang i verdsøkonomien, sa professoren.

Målkonflikt

I innlegget kom han også inn på målkonflikten mellom krav til statlege og regionale krav om fortetting, sentrumsutvikling og redusert trafikk sett opp mot tydelege formuleringar i intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune om å ta heile kommunen i bruk, byggja betre vegar og anna utbygging. Kommunane må i framtida rekna med sterkare retningslinjer når det gjeld klima i framtida, som til dømes nullvekstmål, sentrumsutvikling, fortetting og knutepunkt. Samstundes vil Nye Øygarden kommune stå fram som ein sterk aktør etter samanslåinga.

Det var paneldebatt både etter foredraget til Håvard Haarstad og prosjektrådmann Rune Lid sitt innlegg som omtalte skuggebudsjettet (samanstilling av budsjett for dei tre kommunane).

Økonomiske utfordringar

Rune Lid gjorde medlemene i dei tre kommunestyra merksam på at den nye kommunen står framfor store økonomiske utfordringar i arbeidet med å få økonomien i balanse. Dei tre kommunane har i dag oppunder tre milliardar kroner i omsetnad. Prognosane for dei næraste åra er at Nye Øygarden kommune går mot negativt netto driftsresultat frå 2020. Teknisk berekningsutval legg til grunn at overskotet på drifta bør liggja på minst 1,75 prosent av omsetnaden, det vil seia vel 50 millionar kroner. Gjelda til den nye kommunen vil vera om lag 3,6 milliardar kroner frå januar 2020.

Paneldebatt om økonomi. Frå venstre; Kari-Anne Landro, Nils Kåre Skoge, Børge Haugetun, Espen Harkestad, Silvia Haugland, Ernst Einarsen, Elna Nybakk, Marianne Sandahl Bjorøy og Ruben Håvik

Kommuneplanarbeid

Påtroppande kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold, orienterte om arbeidet med kommuneplan for Nye Øygarden kommune. I oktober vedtok fellesnemnda at arbeidet med ny kommuneplan, arealdel med føresegner, skal starta opp tidleg i 2020. Det skal avklarast om det er mogleg å starta opp arbeidet med grunnlaget for samfunnsdelen. Han viste til at lovpålagt planprogram bør inkludera både arealdel og samfunnsplan.

– Gode og effektive planprosessar, bærekraftig areal- og samfunnsutvikling og attraktive og klimavennlege by- og tenestestadområde er viktige hovudtema i dette arbeidet, sa Skjold.  Leiar av areal i Sund kommune, Ole Karsten Midtgård og avdelingsleiar hjå Plan- og eigedomssjefen i Fjell, Lena Svalastog Garnes, orienterte om planarbeidet i Sund og Fjell kommunar.

Paneldebatt om bærekraftig samfunnsutvikling. Frå venstre Råmund Skjold, Atle Dåvøy, Helge Nilsen, Lena Svalastog Garnes, Marianne Rosenvold, Svein Otto Jacobsen, Ole-Karsten Midtgård, Ottar Vik og Roberg Kaupang Sæle.

Tekst og foto: Vigleik Brekke