Klart for første møte i partssamansett utval

Prosjektleiar føreslår at hovudsamanslutningsmodellen vert mal for partsfohold i arbeidet med å etablera Nye Øygarden kommune.

Partssamansett utval er sett saman av seks representantar frå dei tillitsvalde og ni politiske representantar. Her er representantar frå dei tillitsvalde som tilhøyrarar på møtet i førebuande fellesnemnd den 9. november 2016.

Dei fire pilarane i partsarbeidet i prosjektorganisasjonen for Fjell, Sund og Øygarden vert LO kommune, YS kommune, Unio og Akademikerne. Til det første møtet i partssamansett utval (PSU) den 21. november vert det lagt fram forslag til struktur for arbeidsgrupper som skal nemnast opp.

I utgreiinga skriv prosjektleiaren at det er nødvendig at dette arbeidet har ei brei forankring hjå tilsette i alle dei tre kommunane. Den beste måten å ta i vare dei tilsette er å la arbeidstakarorganisasjonane gjennom deira samanslutningar representerer alle tilsette i arbeidsgruppene.

Det er føreslått at kvar arbeidsgruppe har tre representantar frå arbeidsgjevar og tre representantar frå hovudsamanslutningane. Det vert nemnt opp arbeidsgrupper innan personalområde, fleire tenesteområde og tverrfaglege grupper som til dømes i arkiv, IKT og personal.

Omstillingsavtale

Den første gruppa som er føreslått nemnt opp, er den gruppa som skal arbeida med omstillingsavtalen. Ei kommunesamanslåing er omfatta av reglane i arbeidsmiljølova om verksemdoverdraging. Dette inneber at dei tillitsvalde skal inkluderast i heile prosessen. Tema er til dømes medverknad, medråderett for tilsette, korleis og kva tid tilsette skal informerast, identifisering av tilsette som er særleg berørte, prinsipp for førsterett og innplassering i stillinga i den nye kommunen.

Hovudsamanslutningsmodellen ligg til grunn for samansetjinga, og det er føreslått at arbeidsgruppa vert samansett av dei tre personalsjefane i dei tre kommunane; Per Helge Martinsen (Øygarden), Lisbeth Grosvold (Fjell) og Kaja C. Pedersen (Sund), fire representantar frå hovudsamanslutningane og eitt hovudverneombod.

Etter planen skal arbeidsgruppa koma med si tilråding i februar før vedtak i fellesnemnda.

Møtet i PSU vert halde i Skjenet 2, Straume, og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke