Kan trainee i Nye Øygarden kommune vera noko for deg?

Nye Øygarden kommune søkjer etter ein trainee som skal bidra til å styrkja og komplettera det eksisterande arbeidet med digitalisering i samband med å byggja Nye Øygarden kommune.

 

 

 

 

 

 

 

Nye Øygarden kommune er meldt inn i trainee-programmet til Trainee Vest, Bergen Næringsråd. Formålet med å vera med i Trainee Vest er å  auka rekrutteringa av nyutdanna kandidatar til det regionale arbeids- og næringslivet.

– Det kan jo henda at ein ung nyutdanna kandidat frå Sund, Fjell eller Øygarden ønskjer å koma tilbake til kommunane som ein viktig ressursperson. Det å få inn ein nyutdanna kandidat til områda innovasjon og digitalisering vil vera svært viktig for det arbeidet som skal gjerast før 1. januar 2020, seier prosjektleiar Paul J. Manger.

I utgangspunktet vil ei prosjektstilling for trainee gjelda i perioden august 2018 til juli 2019. Søkjarane må ha utdanning på masternivå og ha god kunnskap om IKT og sterk interesse for teknologi og nye digitale løysingar. Administrasjonsspråket for Nye Øygarden kommune er nynorsk.

Les meir på nettsida til Trainee Vest, Bergen Næringsråd.

På nettsida til Bergen Næringsråd kan du lesa meir om alle dei ledige trainee-stillingane.