Jublar for avgjerd om CO2-lagring i Øygarden

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, gler seg stort over at Gassanova og Statoil har avgjort at eit mottaksanlegg for C02 skal byggjast på grunnen til CCB Kollsnes AS i Naturgassparken i Øygarden. Dette vert viktig for den nye kommunen.

Naturgassparken i Øygarden. Foto: Øygarden kommune.

– Målet er at Nye Øygarden kommune skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar, og denne avgjerda fører til at regionen får det fremste i landet på grøn teknologi, seier Børge Haugetun.

Ifølgje Sverre Overå i Statoil er valet av CCB Kollsnes basert på ei heilskapsvurdering av mellom anna tryggleik, tekniske og kommersielle forhold, kostnader og høve til utvidingar. Ei eventuell bygging av landanlegget og andre delar av fullskalaprosjektet er avhengig av at Stortinget vedtek denne investeringa, venteleg i 2019. Les pressmelding frå Statoil her.

Fremst i landet på miljøvennleg teknologi

I intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune står det at den nye kommunen skal vera framtidsretta og ha særskild fokus på alternative energiformer, forsking, miljøeffektive løysingar og å førebyggja klimaendringar gjennom lokal handling. Haugetun meiner at avgjerda til Gassanova og Statoil passar godt inn i denne tenkinga.

– No vert det reist eit anlegg som er det fremste i landet når det gjeld miljøvennleg teknologi. Dette vil både gje arbeidsplassar og synergiar som til dømes spelvarme til annan industri, seier Haugetun som rosar både Gassanova og Statoil for den faglege avgjerda om lokalisering og dei lokale kreftene knytt til CCB Kollsnes AS og Naturgassparken i Øygarden som har arbeidd med å få lokalsert anlegget i naturgassparken. I sluttfasen stod lokaliseringa mellom Mongstad, Stura og naturgassparken.

Børge Haugetun. Foto: Monica Hovland.

Etableringa i Øygarden er ein del av dei norske styresmaktene sitt arbeid for å byggja ut fullskala CO2-handtering i Noreg. Det skal fangast CO2 frå landbaserte industrianlegg på Austlandet som skal transporterast med skip frå fangsområdet på land. Ved mottaksanlegget vert CO2 pumpa over frå skip til tankar på land før han vert sendt i røyr og injisert og permanent lagra eín til to kilometer under havbotnen.

 

 

Tekst: Vigleik Brekke