Jamt sig til vallokala

Stemninga var munter og god i røystelokalet i Hjelteryggen krins i 14-tida i dag då vi tok turen innom. Leiar i det lokale valstyret, Kirsten Syljeset, seier at det har vore jamt sig av veljarar.

Ein av dei som hadde kort veg til vallokalet var Jinifred Jayanthini Alexander som arbeider på Hjelteryggen skule.

Både Kirsten Syljeset og Ragnvald Ree seier at datasystemet og scanninga fungerer godt.

– No håpar eg på god valoppslutnad, seier Syljeset.

I 2015 var valoppslutnaden i Øygarden 68,2 prosent. I Fjell møtte 57,2 prosent av dei røysteføre opp for å røysta, medan oppslutnaden i Sund i 2015 var på 56,5 prosent.

Det glapp litt for kommuneadvokaten

Kommuneadvokat i Fjell, Dag Heine Bjørndal, er ein av mange som har teke eit ekstratak for demokratiet og er ein av funksjonærane i vallokalet på Hjelteryggen skule.

– Eg hadde allereie røysta på førehand. Då putta eg berre vallista for kommunevalet i valurna. I dag tenkte eg å gje mi røyst til fylkestingsvalet. Men den gang ei. Eg fekk klar melding om at eg berre kan røysta eín gong. Dermed får ingen fylkesparti røyst frå meg i år, seier Bjørndal som tek det heile med godt humør.

Valfunksjonærane Asbjørn Pettersen og Dag Heine Bjørndal ser til at alt går rett for seg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vallokala er opne til klokka 21.00.  Dette året er det også val til sokneråd og bispedømeråd.  Vallokala ligg i tilstøtande rom til vallokala for kommune- og fylkestingsvalet.

Her finn du meir informasjon og valet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke