Inviterer til stor folkefest

Den første veka vert innbyggjarane i dei tre kommunane i vest og alle andre interesserte inviterte til stor fest for å markera overgangen til Nye Øygarden kommune.
– Vi ønskjer å skapa begeistring ved starten av den nye kommunen. Møt gjerne opp i Øygardsgenseren, seier leiar i styringsgruppa for programmet for opningsveka, Marianne Sandahl Bjorøy.

Velkomen til fest! seier dei ansvarlege for folkefesten. Frå venstre; Børge Haugetun, Kari-Anne Landro, Christel Møvik-Olsen, Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik,

Saman med i planlegginga har ho hatt ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, øygardsordførar Børg Haugetun og i den siste tida ordførar for Nye Øygarden Tom Georg Indrevik. Kulturleiar i den nye kommunen, Christel Møvik-Olsen har leia prosjektgruppa som arbeider med alle dei eksterne arrangementa.

Festar i seks dagar

Det startar med ei formell markering ved fyrlykta i Skogsskiftet på nyttårsaftan og endar opp med fellesgudsteneste i Sotra Arena sundag den 5. januar. Den store folkefesten med offisiell opning, korslag og dans med gruppa Gardsbruk vert laurdag den 4. januar. Det vert også nyttårskonsert med storband og brassband den 1. januar i Hjeltefjorden Arena.

– Vi ønskjer at dette skal verta ein folkefest der flest mogleg får vera ein del av den nye kommunen frå dag eín, seier Sund-ordførar Kari-Anne Landro. Alle arrangement, med unnatak av de dansen laurdag kveld, er gratis.

– Det er ope for alle, til og med byfolk kan få koma, seier Tom Georg Indrevik.

Marianne Sandahl seier at på den offisielle opninga klokka 13.00 på laurdagen vil statsminister Erna Solberg stå for den offisielle opninga.

– Då kan vi trygt seia at vi blir eitt klokka eitt. Bli med på det gøya over heile øya, legg den poetiske Børge Haugetun til.

Allereie frå klokka 10 på den store opningsdagen er det aktivitetar og konkurransar for alle. Målet er at dette skal verta ein stor myldredag for folket her vest. Seinare på dagen, klokka 18.00 er det klart for det store korslaget der 18 kor skal delta i ein knivskarp konkurranse.

Om kvelden er det invitert til gamaldags striladans med gruppa Gardsbruk. Dette arrangementet har 18-års aldersgrense og har inngangsbillett. Alle dei andre arrangementa er gratis.

– Vi klarte å skapa begeistring og få folk med under Sykkel-VM i 2017. Då får vi det til denne gongen også, seier Sandahl Bjorøy.

Dette kan du vera med på:

  • Tysdag 31. desember kl. 23.30:   Markering ved fyrlykta i Skogsskiftet med bl.a. fyrverkeri. Fire ordførarar deltek.
  • Onsdag 1. januar kl. 18.00:   Nyttårskonsert med storband og brassband i Hjeltefjorden Arena på Rong. Rong Brass og Sotra storband. Dørene opnar kl. 17.00. Det vert parkering ved kulturhuset, grusplassen ved sida av bensinstasjonen og ved rådhuset på Rong.
  • Laurdag 4. januar: Den store folkefesten i Sotra Arena
    10.00:  Aktivitetar og konkurransar ute og inne for store og små.
    13.00:  Offisiell opning. Statsminister Erna Solberg deltek.
    18.00:  Det store korslaget.
    23.00:  Dans med Gardsbruk. Dørene opnar kl. 22.00.
  • Sundag 5. januar kl. 11.00: Fellesgudsteneste i Sotra Arena. Kyrkjekaffi.

Til følgjande arrangement må det tingast billettar:

  • Nyttårskonsert 1. januar kl. 18.00 (gratis)
  • Offisiell opning 4. januar kl. 13.00 (gratis)
  • Det store korslaget 4. januar kl. 18.00 (gratis)
  • Dans med Gardsbruk 4. januar kl. 23.00 (kr. 200,-) 18 års aldersgrense.

Billettar kan tingast hjå ticketmaster.no (søkjeord: Øygarden).

Du kan også henta billettar på biblioteka i Skogsskiftet, Rong og Straume.

Les plakat for folkefesten her.

Velkomen til folkefest for Øygarden kommune!

Tekst og foto: Vigleik Brekke