Innbyggjarundersøking: Ja i Sund og Fjell, nei i Øygarden

Om lag to tredeler av innbyggjarane i Sund og Fjell er positive til at Fjell, Sund og Øygarden etablerer ein ny kommune saman. I Øygarden er det eit signifikant (klart) nei-fleirtal. Det går fram av ei innbyggjarundersøkinga som vart presentert for felles forhandlingsutval i dag.

Dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).
Dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Les heile rapporten her.

I undersøkinga, gjennomført for kommunane av Opinion, går det fram at 69 prosent av innbyggjarane i Fjell er for å etablera ein ny kommune, medan 15 prosent er imot. I Sund er 67 prosent positive til samanslåing, medan 18 prosent er imot. I Øygarden er 36 prosent av innbyggjarane for å danna ein ny kommune, medan 52 prosent er imot.

Nøgde ordførarar

I Øygarden er det eit fleirtal imot å danna ein ny kommune. Ordførar Børge Haugetun seier likevel at det er ei solid undersøking som er lagt fram.

– Undersøkinga gjev oss eit nødvendig grunnlag til å fatta vedtak. Resultata støttar opp om at innbyggjarane er opptekne av det som går fram av intensjonsavtalen, seier Haugetun.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro seier at undersøkinga gjev eit godt svar på at innbyggjarundersøkinga var ein god måte å få fram folkemeiningar på.

– Resultatet gjev meg tryggleik som politikar når endeleg avgjerd skal takast, seier Landro.

Også Fjell- ordførar Marianne Sandahler er nøgd med undersøkinga.

– Rapporten gjev svar på mange spørsmål og viser at intensjonsavtalen har fanga opp det som folk er opptekne av seier, Sandahl Bjorøy.

Den 20. juni er det kommunestyremøte i alle dei tre kommunane. Då skal det avgjerast om kommunane ønskjer å danna ein ny kommune saman, eller om dei vil halda fram kvar for seg.

Det var senorrådgjevar i Opinion Henrik Høidahl som presenterte innbyggjarundersøkinga.
Det var seniorrådgjevar i Opinion, Henrik Høidahl, som presenterte innbyggjarundersøkinga.

Dei yngste er mest skeptisk

Undersøkinga viser elles at det er fleire menn enn kvinner og fleire over 45 år enn under 45 år i Fjell som er for å danna ny kommune. I Sund er det ein tendens til at dei mellom 30 og 44 år i større grad enn dei andre aldersgruppene er for å skipa ein ny kommune. Generelt viser undersøkinga at det er størst motstand mot å danna ny kommune blant den yngste aldersgruppa (16-29 år).

Innbyggjarane vart også inviterte til å gje graderte svar på kva dei meiner om å danna ein ny kommune. Her går det mellom anna fram at det framleis er 52 prosent i Øygarden som er negative (svært negativ 21 prosent og ganske negativ 31 prosent). Men «veit ikkje» og «korkje for eller imot» er redusert i favør av positive (28 prosent ganske positive og svært positive 13 prosent). Til saman vert då 41 prosent positive til å danna ny kommune på spørsmålet der svara var graderte.

Kommunale tenester

Både i Fjell, Sund og Øygarden er det auka kvalitét på dei kommunale tenestene som har høgast skår på spørsmålet om kva innbyggjarane meiner er det viktigaste måla for ein framtidig kommune. Som nummer to og tre kjem 2) ei meir kostnadseffektiv kommunal drift og 3) betre nærings- og samfunnsutvikling. God tilgang til dei kommunale tenestene kjem  på fjerdeplass, men i Øygarden er dette sett opp som det nest viktigaste målet etter auka kvalitét på dei kommunale tenestene.

Frå presentasjonen i SF Sotra Kino i dag.
Frå presentasjonen i SF Sotra Kino i dag.

I undersøkinga vart det også spurt om korleis innbyggjarane trur tenestene vert i ein ny kommune.  Høgast skår fekk næringsutvikling, helsetenester, kultur/idrett/fritid og økonomistyring. Lågast skår på dette spørsmålet fekk å «gje innbyggjarane høve til å påverka utviklinga i kommunen».

Det vart vidare spurt om kor viktig avstanden er til tenestene. Dei tre viktigaste tenestene med omsyn til avstand var helsetenester, skule- og fritidsordning og pleie og omsorg.

Bjørgedalen barnehage i Bergen skulle på kino i nabolokalet og sjå filmen "Gråtass". Men først ønskte dei å få sjå dei tre ordførarane, og det fekk dei.
Bjørgedalen barnehage i Bergen skulle på kino i nabolokalet og sjå filmen «Gråtass». Men først ønskte dei å få sjå dei tre ordførarane, og det fekk dei.

Av dei totalt 2 200 personane som svarte på undersøkinga, har 1 125 nytta seg av høvet til å seia noko om kommunereforma med eigne ord.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland