Høgre og Arbeidarpartiet er størst i Øygarden kommune

Grovresultatet av valet for Øygarden kommune er klart.  Høgre og Arbeidarpartiet vert dei største partia. Høgre ser ut til å få 10 representantar i kommunestyret i den nye kommunen.

Telavåg krins leverte først inn røystesetlane i år. Frå venstre Marit Kilvik og unni Rygg (valmedarbeidarar på rådhuset), Sigrid Midttvedt og Nina Vorland (begge frå det lokale valstyret i Telavåg).

Grovteljinga viser at Høgre får 21,8 prosent (10 representantar) og vert det største partiet i kommunestyret. Arbeidarpartiet får 17,3 prosent (åtte representantar).  Sotralista får fem representantar i kommunestyret om dette vert sluttresultatet. Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Framstegspartiet, Senterpartiet og KrF får kvar sine fire representar i det nye kommunestyret. Miljøpartiet dei Grøne og SV får to kvar, medan Raudt og Venstre får kvar sin representant.

Mandatfordeling klokka 23.16:

 

 

 

 

 

 

 

Endringane viser store utslag ettersom resultatet i 2019 er samanlikna med dei tre kommunane totalt i 2015.

Valoppslutnaden var i år på 63 prosent. I 2015 var valoppslutnaden i Øygarden 68,2 prosent. I Fjell møtte 57,2 prosent av dei røysteføre opp for å røysta, medan oppslutnaden i Sund i 2015 var på 56,5 prosent.

Følg resultata på valgresultat.no

Tekst og bilete: Vigleik Brekke