Her er vekerapport for veke 49

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 49. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka.

 

 

 

 

 

 

Signerte avtale til ein verdi av 13 milliardar kroner

På onsdag denne veka signerte ordførarar, byråd, fylkesordførar og representantar for staten ein avtale som vil sikra 13 milliardar kroner i samferdsleinvesteringar i bergensområdet fram til 2029. Før alt er på plass, skal avtalen godkjennast i kommunestyra og til sist av regjeringa.
For den nye kommunen i vest inneber avtalen ei total ramme på 400 millionar kroner i investeringar over 10 år.


Føreslår fleire endringar i budsjettet

Fleirtalspartia (Høgre, Sotralista, Framstegspartiet, KrF og Venstre) føreslår å auka inntektene og å auka innsparingane på driftsbudsjettet for Nye Øygarden kommune for 2020 med totalt 85 millionar kroner. Det er lagt inn nye utgifter på 6,8 millionar kroner. Dermed vert det føreslått å tilføra disposisjonsfondet med om lag 78 millionar kroner.


Drøfta budsjettet i to utval

Utval for tenester og levekår (UTL) og utval for samfunnsutvikling (US) hadde budsjettet for 2020 og økonomiplanen for dei komande fire åra på sakskartet i dag. Dette var dagen for drøfting av budsjettet.


Tankar om framtida denne veka

Også denne veka presenterer vi nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Selma frå Ulveset skule og Enya frå Bjorøy skule.


Opprettar arbeidsutval for sentrumsplan

Utval for plan vedtok på møtet torsdag å oppretta eit arbeidsutval som skal vidareføra arbeidet med sentrumsplanen i Skogsskiftet. – Arbeidsutvalet skal arbeida vidare med det arbeidet som allereie er gjort i Sund. Eg håpar at planen kan vedtakast innan første halvår 2020, seier Jacobsen.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (49)

  • 02.12.: Formannskapet
    MOT-konsert
  • 03.12.:  Møte hjå Fylkesmannen vedr. beredskap
    Delta på julearrangement Fjell Seniorsenter
  • 04.12.:  Møte i byvekstforhandlingene
    Innlegg om CO2-lagering på konferanse i Bergen
  • 05.12.: Lunsjmøte om beredskap
    Styremøte Visit Bergen
  • 06.12.-09.12.: Fri – på reise

Ordføraren neste veke (50)

  • 09.12.  Fri på reise
  • 10.12.: Havbruksseminar
    Møte med Vestland fylke
    Møte i administrasjonsutvalget
    Møte med CCB,  nabomøte
  • 11.12.: Befaring trafikktryggleiken Brattholmen skule
    Styremøte i GCE Ocean Tech
  • 12.12.: Dialog med byggenæringa
    Komunestyre Fjell
    Ottesong Foldnes kyrkje

Varaordfør Torill Selvold Nyborg veke (49)

  • 02.12.:  Kalendermøte
    Gruppemøte
    Utvida Formannskapsmøte
  • 03.12.:  Opplæring i den nye kommunelova
  • 04.12.:  Møte med Staten om Byvekstavtale
  • 05.12.:  Kristiansand
  • 06.12.:  Kristiansand

Varaordføraren neste veke (50)

  • 09.12..:  Interimstyremøte
  • 10.12.:   Styremøte Solli sykehus
    Administrasjonsutval
    Tale til siste samling i Hordaland fylkesting
  • 11.12.:  Synfaring Brattholmen skule
  • 12.12.:  Dialogmøte på Teknologisenteret
  • 13.12.:  Bergen-Schiphol-Cardiff ,150-årsjubileum for den norske sjømannskyrkja
  • 14.12.:  Cardiff
  • 15.12.:  Cardiff