Her er vekerapport for veke 48

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 48. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka.

 

 

 

 

 

 

 

Ordførarane fekk prisen Årets fyrtårn

Dei vart nok tekne litt på senga, dei tre ordførarane i vest, då dei fredag kveld på årsfesten til Vest Næringsråd fekk tildelt prisen Årets fyrtårn. Straume Mesterbygg vart Årets bedrift. Årsfesten var avslutning på ein lang dag på Øygardenkonferansen.
Les meir.


 

 – Vi må våga å omstilla oss!

Statsminister Erna Solberg talte til 300 deltakarar på Øygardenkonferansen på fredag. Ho meinte det var fantastiske moglegheiter for den nye kommunen.
– Men vi må våga omstillinga, var bodskapen frå statsministeren. Det var rekordoppslutnad om Øygardenkonferansen dette året. Det handla om den nye kommunen, framtidsretta energiløysingar, berekraftig utvikling, fiskeri og havbruk, arbeidsplassar og kva «Noreg skal leva av framover» som var temaet til statsministeren.
Les meir.


Formannskapet og utvala behandlar budsjettet for 2020

På møtet den 2. desember skal formannskapet for den nye kommunen behandla budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023. Det er forventa at formannskapet vil vedta å leggja budsjettet ut på høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember. I mellomtida skal administrasjonsutvalet og dei tre utvala; tenester og levekår, samfunnsutvikling og plan behandla budsjettframlegget.
Les meir.


 

Fekk kunnskap om kyrkja i den nye kommunen

Ordførar for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, og varaordførar for den nye kommunen, Torill Selsvold Nyborg, fekk på onsdag denne veka innføring i det kyrkjelege arbeidet i den nye kommunen.
Les meir.

Tankar om framtida denne veka

Også denne veka om det tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Frida frå Tranevågen, Mia frå Kolltveit og Viktoria frå Sund ungdomsskule.
Les meir.


Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (48)

  • 25.11.:  Møte i Oslo
  • 26.11.:  Deltek på haustkonferansen til Eqinor i Oslo
    Skjærgardskarussellen
  • 27.11.:   Rundreise med kyrkjevergen
    Formannskapet i Fjell Kommune
    Møte vedr veg til Ebbesvika
  • 28.11.:  Samarbeidsarena Vest
    Møte med NAV Vestland
    Formøte Øygardenkonferansen
  • 29.11.:  Øygardenkonferansen
    VNR årsmiddag
  • 30.11.:  Deltek på opning av Fjordparken på Rong

Ordføraren neste veke (49)

  • 02.12.: Formannskapet
    MOT-konsert
  • 03.12.:  Møte hjå Fylkesmannen vedr. beredskap
    Delta på julearrangement Fjell Seniorsenter
  • 04.12.:  Møte i byvekstforhandlingene
    Innlegg om CO2-lagering på konferanse i Bergen
  • 05.12.: Lunsjmøte om beredskap
    Styremøte Visit Bergen
  • 06.12.-09.12.: Fri – på reise

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg neste veke (49)

  • 02.12.:  Kalendermøte
    Gruppemøte
    Utvida Formannskapsmøte
  • 03.12.:  Opplæring i den nye kommunelova
  • 04.12.:  Møte med Staten om Byvekstavtale
  • 05.12.:  Kristiansand
  • 06.12.:  Kristiansand