Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 47. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka.
1 Presenterer budsjettet for 2020
Kommunedirektør (rådmann) i Nye Øygarden kommune, Rune Lid, legg i dag fram budsjett for den nye kommunen for 2020 med eit negativt netto driftsresultat på 37 millionar kroner. Han føreslår å saldera driftsresultatet med bruk av disposisjonsfond. Formelt er det budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 som vert presentert.
1 Vedtok etiske retningslinjer
Kommunestyret i Nye Øygarden vedtok på torsdag etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i den nye kommunen. I retningslinjene er det teke inn eit ekstra avsnitt om seksuell trakassering. Andre saker; politisk delegeringsreglement, godtgjersle til dei folkevalde og språkplan.
2 Folkehelseversikt er klar til nyttår
Planleggjarar og folkehelsekoordinator i Sund, Fjell og Øygarden har invitert til to arbeidsverkstader i oktober og november. Til nyttår skal det liggja føre ei folkehelseoversikt.
Målet med dette arbeidet er å få ei felles forståing for folkehelsearbeidet i den nye kommunen og å samla seg om eit felles utfordringsbilete. Denne veka vart den andre samlinga gjennomført.
3 Fødselsoverskot gav vekst i folketalet tredje kvartal
I løpet av tredje kvartal 2019 auka folketalet i Fjell kommune med 69 personar. Dette viser tal frå følgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Fødselsoverskotet var det største bidraget til folkeveksten, og utgjorde 60 personar. Medan folketalet i Sund og Fjell auka med høvesvis 20 og 69 personar, hadde Øygarden ein nedgang i folketalet på 40 personar. Samla hadde dei tre kommunane ein vekst på 49 personar tredje kvartal 2019.
4 Tankar om framtida denne veka
Denne veka presenterte vi tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka presenterte vi Stefan frå Rong skule, Hanna frå Danielsen ungdomsskule og Frida frå Hjelteryggen skule.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (47)
- 18.11.: Presentasjon av ny modell for næringsutvikling i NØK
Politisk arbeidsutval
Møte med Equinor Kollsnes
Nabokontaktmøte Equinor - 19.11.: Møte med Therese Hellesøy som har gitt ut dikt om angst
Fjell ungdomsskule presentasjon av jubileumsbok
Samling Fylkesmannens Solstrand - 20.11.: Samling Fylkesmannen Solstrand
Opning av Spildepolden skule
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (47)
- 18. 11.: Kalendermøte
PAU
Styremøte i Verdighetssenteret, Litteraturhuset, Bergen - 19. 11.: Skjenet, førebuing
- 20.11.: Styreseminar Solli sykehus
- 21. 11.: Heildags kommunestyremøte med opplæring
Møte med gruppeleiarar og utvalsleiarar - 22. 11.: Synfaring til Fabtec, Basen
Hellesøy, opningsarrangement
Ordføraren neste veke (48)
- 25.11.: Møte i Oslo
- 26.11.: Deltek på haustkonferansen til Eqinor i Oslo
Skjærgardskarussellen - 27.11.: Rundreise med kyrkjevergen
Formannskapet i Fjell Kommune
Møte vedr veg til Ebbesvika - 28.11.: Samarbeidsarena Vest
Møte med NAV Vestland
Formøte Øygardenkonferansen - 29.11.: Øygardenkonferansen
VNR årsmiddag - 30.11.: Deltek på opning av Fjordparken på Rong
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg