Her er vekerapport for den nye kommunen

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 45. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka. 

Inviterer til stor folkefest

Den første veka vert innbyggjarane i dei tre kommunane i vest og alle andre interesserte inviterte til stor fest for å markera overgangen til Nye Øygarden kommune.
– Vi ønskjer å skapa begeistring ved starten av den nye kommunen. Møt gjerne opp i Øygardsgenseren, seier leiar i styringsgruppa for programmet for opningsveka, Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir. 

Knivskarp plantekappleik

Konkurransen om å få erteblomsten til å veksa raskast og lengst skjerpar seg. Det er no knappe tre veker igjen før konkurransen vert avslutta. Rundt 20 klassar deltek i konkurransen i regi av Elev i Nye Øygarden. Vi tok turen innom Landro skule tidleg i denne veka. Både klasse 2a og klasse 3b deltek i konkurransen. I klasse tre stod det tre planter i vindauget.
Les meir.

Stinn brakke på Brattholmen skule

Sju-åtte hundre personar vandra rundt i skuleanlegget på Brattholmen då skulen torsdag kveld inviterte foreldre, elevar og andre interesserte til presentasjon av elevarbeidet i Annleisveka. Også dette året var «Når tre blir til eín – Nye Øygarden kommune» tema for Annleisveka på Brattholmen skule. Elevane har denne veka både sett på fortid, notid og framtid.
Les meir. 

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra, Nora frå Landro skule,  Emma frå Sund ungdomsskule  og Aurora frå Toftøy skule.
Les meir.

Øygarden eigedomsutvikling har tilsett dagleg leiar

Nina Glesnes er tilsett som dagleg leiar i Øygarden Eigedomsutvikling. Glesnes er 57 år gamal og bur på Glesvær i Sund. Styreleiar Kari-Anne Landro opplyser at interimstyret no vil saman med dagleg leiar jobba vidare med dei andre punkta som vi er beden om å få på plass i mandatet som vart gitt frå fellesnemnda i juni 2019.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (46)

  • 11.11.: Sentralstyre møte i Høgre
  • 12.11.: Politisk arbeidsutval, Fjell kommune
    Formøte vedr. Byvekstavtale
    Møte med masterstudent (kommunereforma)
  • 13.11.: Innlegg på leiarsamlinga Fjell kommune1
    KS vest samling og fylkesmøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
    Årsmøte i Øygarden Høgre
    Innlegg for kystreiarlaga
  • 14.11.: KS vest samling og fylkesmøte
    Møte utbyggjar Knut Jørgen Hauge
  • 15.11.: Byvekstforhandlinger

Ordføraren neste veke (47)

  • 18.11.:  Presentasjon av ny modell for næringsutvikling i NØK
    Politisk arbeidsutval
    Møte med Equinor Kollsnes
    Nabokontaktmøte Equinor
  • 19.11.:  Møte med Therese Hellesøy som har gitt ut dikt om angst
    Fjell ungdomsskule presentasjon av jubileumsbok
    Samling Fylkesmannens Solstrand
  • 20.11.:  Samling Fylkesmannen Solstrand
    Opning av Spildepolden skule
  • 21.11.:  Kommunestyre + opplæring
  • 22.11.:  Møte med Fabtec
    Budsjettmøte Vestland Høgre, fylkestingsgruppe
  • 23.11.:  Opning av Hengjo på Hellesøy saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • 24.11.:  Deltek på opptaksfest for Kolltveit Blå Kors speidergruppe

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg dene veka (46)

  • 11. og 12. 11.:  Møte i Nettverk for petroleumskommunar i Hammerfest
  • 13.og 14. 11.:   Fylkesårsmøte i KS (fellesorganisasjon for kommunane)
  • 14. 11.:             Styremøte i Fjell kommunale pensjonskasse
  • 15. 11.:             Heildagsmøte om byvekstavtalen
  • 16. 11.:             Fylkesrådsmøte KrF, Fløyen
  • 17. 11.:              Møte med fleirtallskoalisjonen,  Rong

Varaordføraren neste veke (47)

  • 18. 11.:  Kalendermøte
    PAU
    Styremøte i Verdighetssenteret,  Litteraturhuset, Bergen
  • 19. 11.:   Skjenet, førebuing
  • 20.11.:    Styreseminar Solli sykehus
  • 21. 11.:   Heildags kommunestyremøte med opplæring
                  Møte med gruppeleiarar og utvalsleiarar
  • 22. 11.:  Synfaring til Fabtec, Basen
    Hellesøy, opningsarrangement