Her er stabsleiaren for service

Kenneth Sangolt (38) er tilsett som stabsleiar for service i Nye Øygarden kommune. Dermed har kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse, fått den siste av dei fire leiarane på plass i sitt kommunalsjefområde.

Kenneth Sangolt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kenneth Sangolt kjem frå Skogsvåg i Sund. For tida er han utviklingssjef i NAV Økonomiteneste. Han har tidlegare vore seksjonssjef og prosjektleiar same stad. NAV Økonomiteneste har 90 tilsette og er lokalisert på Hermansverk i Leikanger kommune i Sogn.  Tidlegare har Kenneth Sangolt arbeidd i FMC Technologies (no TechnipFMC) på Ågotnes.

– Som utviklingssjef har eg vore med og støtta opp om arbeidet til 15 tusen tilsette i NAV (stat). Eg har arbeidd mykje med digitalisering og vidareutvikling av tenestene innan økonomi og HR (Human resource, leiing av menneskelege ressursar).

– Kvifor søkte du stillinga?

– Eg er oppteken av endring og å arbeida for at vi kan levera betre og meir effektive tenester for innbyggjarane. Eg trur også erfaring eg har med kundebehandling er direkte relevant for denne jobben, seier Sangolt.

Kenneth Sangolt har teke mastergrad i strategisk marknadsføring i England. Han har også utdanning innan IKT-informasjonsvitenskap, sosiologi og organisasjonsvitenskap. Han har også ein treårig bachelorgrad frå BI i Bergen.

Han tek til i stillinga seinast den 2. mars.

Tekst og foto: Vigleik Brekke