Her er Øygardsgenseren

Spenninga var stor på laurdag då Øygardsgenseren skulle kårast. Det stod mellom seks alternativ. Det var utkastet til Mary-Ann Foldnes Fiske som no få tittelen Øygardsgenseren.

Mary-Ann Foldnes Fiske vert gratulert av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

 

– Eg vart svært overraska over resultatet, seier Foldnes Fiske.

Kåringa skjedde under julemessa til Sotra Husflidslag. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy understreka under kåringa at det hadde kome inn seks flotte kandidatforslag. Ho håpar at alle som deltok, utviklar alternativa vidare.

Mary-Ann Foldnes Fiske hadde slett ikkje tenkt å delta i denne konkurransen. Ein fredag kveld sat ho åleine på hytta. Ho var i ein spesiell situasjon. Mary-Ann blikket på oppslaget i Vestnytt der folk vart inviterte til å senda inn forslag til strikkejakke eller genser.

– Eg reflekterte ikkje så mykje meir over det den kvelden, men morgonen etter fekk eg «biletet» av korleis genseren kunne sjå ut. Så strikka eg i veg fort og gale. Garnforretninga, der eg kjøpte garnet, var begeistra for resultatet og oppmoda meg til å senda inn utkastet, seier ho.

Kravet til Øygardsgenseren var at kandidatane skulle nytta ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

– Lilla farge symboliserer lyng. Vrangborden er fletta og gråfargen symboliserer berg. Fletta symboliserer også at berga er fletta saman. Vi treng også å verta fletta saman som kommunar og menneske, seier Mary-Ann.

Det handlar om identitet

Leiar i Sotra Husflidslag, Gunvor Bråthen Moe, er godt nøgd med at 1 652 deltok i kåringa. Ho seier at det var Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som tok initiativ til å peika ut Øygardsgenseren. Ordføraren er innforstått med at dette forpliktar.

– Eg lovar å strikka Øygardsgenseren. Eg har allereie fått bestilling på fire eksemplar. Eg ønskjer at dette vert starten på ein strikkedugnad. 2019 må verta strikkåret, og første januar 2020 er det vinter og då bør alle gå i Øygardsgenseren. Det er mange som strikkar for tida, og det er mange stader og byar som har eigen genser. Vi treng ein slik genser for framtida. Det handlar om identitet og å skapa begeistring for den nye kommunen. Det er kommunesamanslåing i 2020, og under jubileet 100 år seinare går kanskje folk rundt med denne genseren, seier ein optimistisk ordførar som rosar Gunvor Bråthun Moe i husflidslaget som har lagt til rette for kåringa av Øygardsgenseren.

Utarbeider mønster

Etter nyttår skal husflidslaget utarbeida mønster i alle storleikar. Pr. dato finst det berre to eksemplar; vaksenutgåva som vart presentert på julemessa og eín gutegenser, begge strikka av Mary-Ann Foldnes Fiskå.

Genseren til Mary-Ann Foldnes Fiskå er skildra slik: Fargar: Himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar. Her er vrangbord laga i fletter: Vi treng å bli fletta saman som kommunar og einskildpersonar. Dei ulike mønstera skal bli sett som abstrakte. Tradisjon; henta frå tidlegare sotragenserar, sjølve landskapet, rikt pynta med dei nydelege fargane i lyngen. Bølger, skyer, knausar og berg. Bruene – mellom øyane her ute og bruer som må bli bygd mellom alle oss som bur her.

Dei som deltok i konkurransen var Ruth Bruvik Aule og Sissel M. Kleivdal Haga (genser 1), Bente Larsen (genser 2), Mary-Ann Foldnes Fiskå (genser 3), Laila Klemetsaune (genser 4), Ingrid Gjelstein (genser 5) og Solbjørg Helen Vik (genser 6).  Her kan du lesa meir om dei seks alternativa. 

Her er deltakarane i konkurransen. For Laila Klemetsaune stilte svigerdotter og barnebarn.

Juryen var samansett av husflidskonsulent i Norges Husflidslag Hege-Therese Nilsen, Inger Nelly Skoge og dei tre ordførarane i regionen; Børge Haugetun (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå kåringa og julemessa: