Her er ny vekerapport

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 50. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka. 

 

 Vedtok det første budsjettet for den nye kommunen

Torsdag denne veka vedtok kommunestyret for Øygarden kommune vedteke det første budsjettet for den nye kommunen. Det var framlegget frå Høgre, Sotralista, KrF, Frp og Venstre (fleirtalspartia) som vart vedteke. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 2,9 milliardar kroner. Det skal investerast for 255 millionar kroner neste år.
Les meir.


Ordførarane tek beina fatt på opningsfestdagen

Ordførar for den nye kommunen, Tom Georg Indrevik, har fått med seg ordførarane i dei tre kommunane i vest og stiller opp i idrettsklede på sjølvaste opningsfestdagen laurdag 4. januar. Om føremiddagen handlar det om Nøkkelløpet der fire ordførarar deltek saman med kommunedirektør Rune Lid.
Les meir.


Gav innstilling på budsjettet

Formannskapet gav i dag tilråding på budsjettet for 2020 og økonomiplan for 2020-2023. Det vart røysta over fire forslag. Framlegget frå fleirtalspartia, Høgre, KrF, Sotralista , Venstre og Frp fekk seks røyster og er formelt tilrådinga til kommunestyret. Forslaget frå Ap, Sp, SV og Raudt fekk tre røyster, medan Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) fekk kvar si røyst. Alle forslaga følgde saka til kommunestyremøtet dagen etter.
Les meir.


Diskuterte eldrepolitikk

Dei tre pensjonistlaga vestom Sotrabrua møtte ordførar for den nye kommunen, Tom Georg Indrevik, til drøfting av kommunal eldrepolitikk på onsdag.
– Dialogen var positiv, seier Tom Georg Indrevik etter møtet.
Dei tre pensjonslaga; Sund, Fjell og Øygarden, skal inntil vidare halda fram som eigne pensjonistlag.
Les meir.


Venskapsklassebesøk

Dei to første vekene i desember var det mange elvar i dei tre kommunane som besøkte kvarandre. Som ein del av tiltaket Elev i Nye Øygarden vart det gjeve transportstøtte slik at klassane kunne besøka kvarandre på tvers av dei gamle kommunegrensene. Tilbakemeldingane frå besøka er gode, og mange har fått nye vener.
Les meir.


Busstransport opningshelga 4. og 5. januar

Både laurdag den 4. januar på den store opningsfesten og dagen etter på fellesgudstenesta er det lagt til rette for busstransport mellom Kystbygarasjen og Sotra Arena. Det er også transport seint laurdag kveld frå Sotra Arena til fleire destinasjonar i den nye kommunen.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (51)

  • 16.12.: Møte med Senior Høgre
    Gruppeledermøte
    Gruppemøte
  • 17.12.: Møte med Sotra vidaregåande skule
    Lunsj med politisk sekretariaet
    Besøk og møte med Øygarden Brann og redning
    Styremøte i Bergen Havn AS
  • 18.12.: Besøk Danielsen i forkant av gudstjenesten 5. januar
    Møte med styret i Pensjonistforbundet
    Formannskap
  • 19.12.: Kommunestyret
  • 20.12.: Besøk Sotra Gruppen – Vindenes
    Julelunsj med kvalitetskontroll

 

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (51)

  • 16.12.:  Tilbakereise frå Cardiff
  • 17.12.:  Øygarden brann & redning, CCB
  • 18.12.:  Formannskapsmøte
  • 19.12..: Kommunestyremøtet
  • 20.12.: Møte med Sotra Gruppen