Her er kommunalsjefen for Organisasjon og digitalisering

Sissel Iren Nesse (50) er tilsett som kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune. Dermed er fire av kommunalsjefar for den nye kommunen avklart.

Sissel Iren Nesse er i dag einingsleiar for løns- og rekneskapssenteret i Bergen kommune. Ho tek til i den nye stillinga den 7. mars.

– Eg er oppvaksen på Sotra, og eg ønskjer å vera med på denne reisa. For meg er det eit ønske at eg kan vera med på å utvikla framtidsretta tenester der digitalisering og fornying er sentralt, seier Nesse.

Den nytilsette kommunalsjefen har tidlegare mellom anna vore regiondirektør i Accountor AS og seksjonssjef i Helse Bergen. Sissel Iren Nesse har master i leiing i offentleg sektor. Ho er autorisert rekneskapsførar og er diplomøkonom frå Handelshøyskolen BI, Bergen.

Ho har stor tru på framtida for Nye Øygarden kommune.

– Ved å stå samla i arbeidet med å byggja den nye kommunen, vert vi ein sterk region, seier Sissel Iren Nesse.

Prosjektrådmann Rune Lid er svært glad for at fire kommunalsjefar no er tilsette.

– Etter kvart vil desse som planlagt gå inn som leiarar av hovudprosjektgruppene. Det er også viktig at eg no får etablert eit leiarteam som skal byggja den nye kommunen. Det er mykje kompetanse og erfaring i dette leiarteamet, seier Lid.

Dei andre kandidatane som har takka ja til å vera kommunalsjef i Nye Øygarden kommune er Line Barmen (Helse og velferd), Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst) og Råmund Skjold (Kultur og samfunn).

Stillinga som kommunalsjef for Økonomi er ikkje på plass og skal lysast ut eksternt.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke